Fordeling av kommunale rammer til drenering av jordbruksjord 2021
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på kr. 6 640 000,- til kommunane til drenering av jordbruksjord.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nasjonalt er det sett av 68 millionar kroner til tilskot til drenering, derav er 58 millionar fordelt i fyrste omgang. Møre og Romsdal har fått tildelt 4 millionar. Ubrukte midlar frå 2020, som utgjer ca. 4 millionar, vert lagt til denne summen.
For 2021 er det nok midlar til at alle kommunane har fått det beløpet dei har meldt inn som behov. Etter den fyrste kommunivse fordelinga er det att i overkant av kr. 2 mill. som ikkje er fordelt. Sidan det er mykje midler disponibelt, ønskjer vi at kommunane melder inn ekstra behov fortløpande.
Føremålet med tilskot til drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord med potensial for auka matproduksjon, samt å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.
Ta kontakt med din kommune
Det er kommunen som mottar- og behandlar søknader og fattar vedtak om tilskot til drenering. For meir informasjon om ordninga og søknadsfristar, sjå kommunens utlysing eller ta kontakt med din kommune.