Har starta regionalt forum for Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarv

Bildemontasje av dei fire utvalde kulturlandskapa og verdsarvområdet.
Bildemontasje av dei fire utvalde kulturlandskapa og verdsarvområdet. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Arnold Hoddevik .

I haust er det etablert eit regionalt forum for dei utvalde kulturlandskapa og verdsarvområdet i Møre og Romsdal. Forumet skal legge til rette for kunnskap- og erfaringsutveksling.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.11.2022

I Møre og Romsdal har vi fire utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) og eit verdsarvområde: Fjellgardan i Øvre Sunndal (2009), Alnes (2017), Hjørundfjorden og Norangsdalen (2018), Eikesdalen (2022) og verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - delområde Geirangerfjorden (2005).

Store variasjonar

Desse fem områda er ulike og gjenspeiler dei store variasjonane vi har i topografi, klima, jordsmonn og jordbruk her i fylket. Samtidig har områda ein del felles utfordringar og moglegheiter knytt til forvaltning av kulturlandskapet. I haust blei det difor etablert eit regionalt forum som skal legge til rette for utveksling av kunnskap og erfaringar.

Formålet med det regionale forumet

Det regionale forumet skal være ein møteplass for kommunal- og regional forvaltning av UKL og verdsarv. Forumet styrke dialogen og stimulere til auka samarbeid mellom områda, forvaltningsnivå og fagmiljø.

Forumet består av kommunale saksbehandlarar for UKL og verdsarv og representantar frå regional forvaltning hjå statsforvaltarens landbruksavdeling, miljøvernavdeling og kulturvernseksjonen hjå fylkeskommunen. Andre deltakarar, som lokale arbeidsgrupper eller foredragshaldarar, kan bli invitert etter ønske og behov.

Første møte i det regionale forumet ble halde 28.oktober. Her ble mellom anna forma på forumet diskutert. Planen er å ha eit par faste møter: På starten av året med tanke på avklaringar rundt tildeling og kommande søknadsrundar, og på slutten for oppsummering av året for avklaringar rundt rapportering med vidare. Utover dette vil det bli satt opp møter ved behov, til dømes når det er felles satsingsområde for alle områda.

Ei regional fagsamling neste år?

Forumet ønsker å få til ei regional samling for områda til neste år. Til planlegginga av denne har dei henta inn erfaringar og inspirasjon frå Trøndelag, som har hatt fleire slike regionale samlingar.

 

Kontaktpersoner