Alnes – det nye utvalde kulturlandskapet vårt

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er eit samarbeid og eit spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.03.2017

Ordninga blir forvalta lokalt av landbruksavdelinga og miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen, saman med kulturavdelinga i fylkeskommunen.

Føremålet med satsinga på Utvalde kulturlandskap, er å få til ei langsiktig forvalting av eit utval landskapsområde med svært store biologiske og kulturhistoriske verdiar som er forma gjennom langvarig og kontinuerleg tradisjonell bruk.

Sidan 2009 har Øvre Sunndal representert Møre og Romsdal i denne satsinga. Rett før jul i 2016 vart det vedtatt at satsinga på Utvalde kulturlandskap skulle utvidast, og alle fylka fekk i oppdrag å lansere forslag på nye gode kandidatar som kunne innlemmast i ordninga.

Eitt av områda som vart foreslått frå Møre og Romsdal var Alnes i Giske kommune. Dette området har no fått godkjenning i direktorata saman med ni andre område i landet, og arbeidet med å setje Alnes på kartet som eit nytt utvalt kulturlandskapsområde i Møre og Romsdal kan starte opp!

Kontaktpersoner