Kulturlandskapsprisen 2015 til Iris og Arnfinn Westerås, Geiranger

I dei bratte liene ovafor sentrum av Geiranger vert det lagt ned eit pietetsfullt og nitidig arbeid med stell av kulturlandskapet. Kunnskap om kulturlandskapet vert også formidla vidt ut over. For alt dette får Iris og Arnfinn Westerås kulturlandskapsprisen for 2015.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.09.2015

Fylkesmannen i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris  til grunneigarar eller lag som markerer seg på ein positiv måte i arbeidet med kulturlandskapet.

Westerås, 320 m over havet,  ligg i randsona til Geiranger – Herdalen landskapsvernområde og innafor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap. Garden er brattlendt og areala tungdrivne.  Utanom dei avtalar som er inngått om skjøtsel av areal og beiting i verdsarvsamanheng er det også inngått skjøtselsavtalar  for spesielle slåttemarker med eit stort biologisk mangfald. Arnfinn og Iris har vidareført  det store kulturlandskapsarbeidet som Per og Magnhild (foreldra til Arnfinn) tidlegare har drive.

Både tidlegare generasjonar og noverande eigarar har utført gards- og kulturlandskapsarbeidet på ein uvanleg pietetsfull måte, som det står stor respekt av, både i og utanfor bygda.

Dei eldre bygningane  på Westerås vert tekne godt vare på, og det er utvikla ny næring på garden.

Restaurant er bygd i den gamle låven og i år er det laga ny uteplass i tilknytning til restauranten. Utsikta over bygda og fjorden er mektig.  Kjøkkenet på låverestauranten skorar høgt m.o.t kundetilfredsheit.

Arnfinn og Iris gjer eit viktig arbeid med kunnskapsformidling. Dette gjeld både i TV- og radioprogram, intervju og oppslag i aviser og tidsskrift og direkte kontakt med gjester  på garden. Det er svært viktig å setje fokus på kva for arbeid og innsats som ligg bak det å halde kulturlandskapet i eit så utfordrande terreng i god hevd.

Eigarane er opptekne av miljøverdiar og det vert no arbeidd med å få sett opp ladestasjon for el-bilar.

Arnfinn og Iris er ein verdige vinnarar av kulturlandskapsprisen 2015.  Prisen er på kr 10.000, eit kunstverk og diplom. 

Geiter og Lama likar seg godt i bratte bakkar på Westerås

Di brattare, di betre for geitene

Dokumenter