Strategisk rådgjeving for mjølkeprodusentar
Tine tilbyr strategisk rådgjeving for alle mjølkeprodusentane i fylket. Arbeidet er støtta økonomisk av Fylkesmannen gjennom Utviklings- og tilretteleggingsmidlane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 06.05.2019
Innsatsen opp mot bøndene i Ørsta og Volda vart avslutta tidlegare i år, og Tine har samanfatta erfaringane i rapporten som ligg vedlagt.
Når prosjektet i Ørsta og Volda no er avslutta, står kommunane på ytre Søre Sunnmøre for tur. Seinare i år går tilbodet til bønder på Nordre Sunnmøre og i Nordal/Stordal.
Når desse prosjekta er ferdig, har alle mjølkeprodusentane i fylket fått tilbod om strategisk rådgjeving.
Rapporten frå arbeidet i Ørsta/Volda har mellom anna desse konklusjonane
- Mange har gjort seg nytte av tilbodet
- Prosjektet har ført til at fleire har gjort aktive framtidsval
- Prosjektet stoppar ikkje avviklingsbruka, men det ser ut til å vere ei aukande vilje til å selje garder.
- Austefjorden står i dag omtrent utan aktiv mjølkeproduksjon.
- Skredrestriksjonane i Ørsta og Volda bremser og er eit stort hinder for vekst og utvikling.
- Bondalsområdet er i særstilling med arealknapphet som begrensar framtida til nesten alle produsentane i dette området
- Bondalen har mange unge bønder som ønsker å drive og treng å få styrka ressursgrunnlag.