Hugs å sjekke reglane for bandtvang i din kommune

Bilde av hund i bånd på fjellet.
Foto: Ragnhild Naug Aas.

Dei fleste hundeeigarar er kjend med at det er nasjonal bandtvang frå 1. april til og med 20. august. Det mange ikkje er klar over, er at kommunen kan gi eigne føresegner om bandtvang. Hugs å sjekke kva som gjeld der du ferdast.

Publisert 11.06.2024

Ny hundelov tredde i kraft 1. januar 2023. Hundelova stiller tydelege krav til forsvarleg hundehald og styrker politiet sine moglegheiter til å gripe inn i problematisk hundehald på eit tidleg tidspunkt. Om nokon bryt lova, kan dei måtte betale eit gebyr.

Kommunen kan vedta eigne føresegner om bandtvang

Den nasjonale bandtvangen gjeld i perioden 1. april -20. august. Då skal hunden vere i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengd. Grunnen er at hundar ikkje skal jage eller skade husdyr, tamrein eller viltlevande dyr og deira reir, bo eller hi.

Etter § 6 i hundelova kan kommunen kan vedta eiga forskrift om bandtvang:

  1. i og knytt til, bustadområde og handleområde
  2. i parkar, på gravplassar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon
  3. på og ved bestemte turstiar, turvegar, merka skiløyper, leir- og rasteplassar
  4. i bestemte område på land, i vatn eller sjø som er brukt som tur- eller rekreasjonsområde
  5. i heile eller delar av kommunen i eit bestemt tidsrom når husdyr normalt går ute
  6. under ekstraordinære forhold som gjev krav om bandtvang for å ta vare på vilt

Bandtvang etter punkt 3 og 4 kan ikkje bli fastsett i større grad enn nødvendig. Dei som går tur med laus hund skal også bli tatt vare på i tilstrekkeleg grad.

Bandtvang etter punkt 5 og 6 kan berre bli innført i område av kommunen der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter, eller der kor vilt har sitt leveområde. Bandtvang som er satt grunna ekstraordinære forhold må opphøyre straks forholda seier det. Der beite, natur- og rekreasjonsområde strekk seg over fleire kommunar, bør desse kommunane samordne sine forskrifter.

Ifølge hundelova er det forbod mot å gå frå ein hund som er bunden rett ved inngangen til ein bygning som er open for allmennheita, eller ved leikeplassar.

Unntak frå bandtvang

Hundelova § 9 har unntak frå sikringsreglane for hund som har særlege bruksformål. Dette gjeld for eksempel hundar brukt i reindrift, dresserte bufehundar, tenestehundar og hundar som ettersøkjer.

Statsforvaltaren sine oppgåver

Statsforvaltaren rettleiar kommunane om hundelov og om kommunen sin bruk av lokal forskrift.