Tilskot kompetanse- og tenesteutvikling 2024 - oppfølging og høve til endringar
- Dato:
- 12. november 2024 09:00 - 11:00
- Sted:
- Microsoft Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Kontaktpersonar for tilskotet i kommunane, kommunalsjefar, leiarar i helse og omsorgstenesta, økonomi, USHT og evt. andre.
Statsforvaltaren invitera til eit digitalt møte for oppfølging og dialog av tilskot kompetanse- og tenesteutvikling 2024.
Vi ønskjer ein tettare dialog med tilskotsmottakarane for å sikre ein betre effekt av tilskotet, og for å hindre at kommunen har store overføringar og/eller tilbakebetalingar av unytta tilskot ved årets slutt.
Dette er aktuelt der tilskot til kompetansetiltak av ulike årsaker ikkje har blitt starta opp som planlagt og søkt om våren 2024, og der andre kompetansetiltak har komme til. Kommunane har høve til å omdisponere tildelt tilskot for kompetansetiltak innanfor tilskotsåret, og sender ein skriftleg søknad til statsforvaltaren innan fastsett frist.
Det er Statsforvaltaren som godkjenner endring av bruk av kompetansetilskotet, og sender ut eit nytt tilskotsbrev der dei nye endringane går fram.
Agenda:
- Omdisponering av tildelt tilskot innanfor tilskotsåret 2024
- Rapportering og krav om revisorattest
- Erfaringar
- Evt. ( Kommunen kan òg sende inn spørsmål knytt til tilskotet i forkant av møtet
Målgruppe
Kontaktpersonar for tilskotet i kommunane, kommunalsjefar, leiarar i helse og omsorgstenesta, økonomi, USHT og evt. andre.
Økonomi
Gratis arrangement
Delta
- Dato:
- 12. november 2024 09:00 - 11:00
- Sted:
- Microsoft Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Kontaktpersonar for tilskotet i kommunane, kommunalsjefar, leiarar i helse og omsorgstenesta, økonomi, USHT og evt. andre.