Forventningsbrev 2024

Tre eksemplarer av Forventningsbrevet og portrett av Else-May Norderhus
Forventningsbrevet løftar fram dei nasjonale forventningane til kommunane. FN sine berekraftsmål og innspel til kommunane si planlegging er gjennomgåande i brevet. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Erik Birkeland/Tingh.

Forventningsbrevet 2024 går til kommunane i Møre og Romsdal. I brevet informerer Statsforvaltaren om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.01.2024, Sist endret 10.01.2024

Forventningsbrevet er skrive til politisk og administrativ leiing i kommunane, og til politiske utval og andre aktuelle medarbeidarar.

Nasjonale forventningar – berekraft og innspel til planlegging

Brevet gir ei oversikt over oppgåver og satsingar i nasjonal politikk, og løfter opp forventningane til kommunane. FN sine berekraftsmål og innspel til kommunane si planlegging er gjennomgåande i brevet.

Målet er at brevet skal samordne, skape samarbeid og dialog - gjerne også over kommunegrenser.

Presentasjon

I år har vi laga ein powerpoint-presentasjon som kommunane kan nytte i ulike møte der forventningane er tema. 

Kommunane må gjerne fylle inn med eigne slides der de seier noko om korleis dykkar kommune vil møte forventningane.