Fylkesmannen møtte folkevalde og administrativ leiing, i kommunane Aukra, Vestnes og Rauma

Fylkesmannen og fylkeskommunen har invitert til møte med folkevalde og administrativ leiing i kommunane i Møre og Romsdal. Først ute var Aukra, Vestnes og Rauma som i dag var samla på Alexandra hotell i Molde.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.02.2020

Dagen starta med eit møte mellom Fylkesmannen og politisk og administrativ leiing i dei tre kommunane. Etter lunsj, var det dei folkevalde som var målgruppa.

Fylkesmann Rigmor Brøste opna samlinga, og orienterte om Fylkesmannsrollen og regional forvaltning.

Formålet med samlinga var

  • å gi kunnskap og informasjon om viktige lover og regelverk
  • å gje deltakarane meir innsikt i det politiske handlingsrommet innanfor den kommunale verksemda
  • å tilrettelegge for dialog 

Møre og Romsdal fylkeskommune v/Johnny Loen orienterte om fylkeskommunen si rolle.

Ordførarane sin halvtime

Dei tre ordførarane fekk ein halvtime på deling, der dei snakka om utfordringar i eigen kommune og om kva forventningar dei hadde til samhandlinga med Fylkesmannen og fylkeskommunen.

Samlinga var inndelt i ein fellesdel, og ein fagbolk med ulike fagtema "parallelle tema".

Møteplanen vidare:

  • Sykkylven og Stranda, 26. februar i Storfjordhallen, Stranda
  • Fjord, 27. februar, Martin Linge huset, Valldal
  • Volda og Ørsta, 18. mars, Havila Hotel Ivar Aasen
  • Ålesund, 19. mars Scandic Parken hotell
  • Hustadvika, 25. mars, Hustadvika gjestehus
  • Molde, 2. april, Alexandra hotell, Molde

 

Kontaktpersoner