Fylkesmannen i møte med nye Fjord kommune
Fylkesmannen inviterte seg til møte med nye Fjord kommune for å få ei oppdatering på status i arbeidet med samanslåinga av Stordal og Norddal kommune. Fylkesmannen er godt nøgd med framdrifta.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen fekk ein god gjennomgang av arbeidet med bygginga av den nye kommunen. Både dei politiske, administrative og tillitsvalde representantane ga uttrykk for godt samarbeid og positive medarbeidarar.
Prosjektleiinga står framfor ein travel haust med å få på plass administrativ organisering, arbeid i dei ulike arbeidsgruppene, kulturbygging og næringskonferanse for å nemne noko. Den nye kommunen står framfor store oppgåver når det gjeld områda IKT/arkiv, og å få i gang gode prosessar på planområda, særleg innan samfunnsdelen i den nye kommuneplanen.
Ein fersk utarbeidd digitaliseringsstrategi for Fjord kommune er eit av verktøya prosjektleiinga vil nytte i arbeidet med å digitalisere den nye kommunen – til nytte for dei tilsette og innbyggarane.