Fylkesovergripande møte på Grodås i Sogn og Fjordane
Fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal møtte fredag 29. september, kommunane Hornindal og Volda.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 03.10.2017
Kommunane Hornindal i Sogn og Fjordane og Volda i Møre og Romsdal har valt å bli til ein kommune frå 1. jan. 2020. I høve dette møtte fylkesmennene kommunane for å drøfte ulike problemstillingar/utfordringar det er i overgangen til at Hornindal skal bli ein del av Møre og Romsdal i den nye kommunen.
Det var eit konstruktivt møte, der partane var samde om å samarbeide om å gjere overgangen til ny kommune best mogleg.