Kommunereforma pr. 1. juli 2016
I dag er det 1. juli 2016, og fung. fylkesmann Rigmor Brøste kan informere om at alle 36 kommunane i Møre og Romsdal har gjort endeleg vedtak i kommunereforma innan fristen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Brøste seier at det er lagt ned mykje arbeid både internt i kommunane, i nabopratar og i samarbeid om intensjonsavtalar – og ho vil gi stor ros til kommunane. Både politikarar og administrativt tilsette i kommunane har gitt uttrykk for at kommunereforma har vore ei krevjande og arbeidssam oppgåve – men at det har vore særs lærerikt.
Brøste vil først få gratulere dei kommunane som no har gjennomført vedtak om å slå seg saman med ein eller fleire av sine naboar. Dette omfattar til saman 108 195 innbyggarar av Møre og Romsdal sine 263 700 innbyggarar.
- Fræna og Eide har vedtatt å slå seg saman og byggje Hustadvika kommune
- Molde, Midsund og Nesset har vedtatt å slå seg saman å byggje Nye Molde kommune
- Ålesund, Sandøy og Skodje har vedtatt å slå seg saman å byggje Nye Ålesund kommune
- Volda i sør har vedtatt å slå seg saman med Hornindal kommune i Sogn og Fjordane
- I nord har Halsa vedtatt å slå seg saman med kommunane Hemne og Snillfjord i Sør-Trøndelag
19 kommunar har gjort vedtak om å fortsetje som eigen kommune, medan heile 17 kommunar, nær halvparten av våre 36kommunar,har gjort vedtak om å slå seg saman med ein eller fleire av sine naboar.
No tar Fylkesmannen over «stafettpinnen» og vil arbeide med å lage ei tilråding til Kommunal og moderniseringsdepartementet med frist 1. oktober.
I heile landet er det fatta vedtak om samanslåing av til saman 40 kommunar. Dette er den største frivillige samanslåinga på 50 år, og omfattar heile 1,1 millionar innbyggarar. Nokon vil seie at 40 kommunesamanslåingar ikkje er så mykje, men det er meir enn nok til å skape ein dynamikk i ei reform som ikkje går over. Fylkesmannen legg mykje arbeid i si tilråding, då dette også vil være ei tilråding som også den neste regjeringa skal bruke i sitt vidare arbeid med utfordringar i kommunesektoren.
Fung. fylkesmann Rigmor Brøste kan fortelje at statsråd Jan Tore Sanner i dag har sendt ut eit brev til Fylkesmennene, der statsråden gjev ei lita utsetjing i arbeidet med kommunereforma. Statsråden signaliserer at kommunane kan få erstatte sine vedtak frå før 1. juli med nye vedtak om samanslåing innan, 31. desember 2016, og fortsatt bli omfatta av vurderingane og forslaga i proposisjonen som blir lagt fram for Stortinget våren 2017. Fylkesmannen er nøgd med dei resultata vi har fått til i arbeidet med kommunereforma så langt her i fylket– både i høve til alt det gode prosessarbeidet som er utført, og dei endelege vedtaka om samanslåingar. Men sett i høve til samfunnsutviklinga vi har framfor oss, vil vi nok trenge litt meir tid på å jobbe heilskapleg i regionane. Brøste seier at fleire kommunar allereie har teke kontakt med Fylkesmannen der dei ber om råd i dei vidare prosessane på vegne av sin kommune. Så arbeidet med kommunereforma er nok ikkje ferdig enno - verken for kommunane eller Fylkesmannen, seier Brøste.
Kontaktpersoner
-
Rigmor Brøste
Tlf: 71 25 84 14 / 92 65 94 01