Stort engasjement på dialogmøte om kommunereforma
Over 220 representantar frå kommunane i fylket møttes i Ålesund til dialogmøte om kommunereforma.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Direktør Halvor Holmli ved Kompetansesenteret for distriktsutvikling og medlem av regjeringa sitt ekspertutval, og professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda var henta inn som innleiarar. Holmli tok for seg ekspertutvalets sluttrapport om kriterier for god kommunestruktur og oppgåver som kommunar skal ha i framtida. Amdam er prosjektleiar for utgreiinga som ser på kva oppgåver som kan vere aktuelle for eit eventuelt framtidig folkevald regionnivå, og lufta forskjellige framtidsalternativer.
Presentasjonane til Holmli og Amdam kan du sjå til høgre på sida, under relaterte dokumenter.
Konferansen var eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, KS Møre og Romsdal, Ordfører- og rådmannskollegiet for Nordmøre, Romsdal Regionråd, og Sunnmøre regionråd.