Tingvoll kommune i ROBEK

Foto frå Tingvollvågen, skog framme i bildet, vågen bak.
Tingvoll er meldt inn i ROBEK på grunn av meirforbruk i justert budsjett for 2024 Foto: Wikipedia commons.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bedt Kommunal- og distriktsdepartementet om å melde Tingvoll kommune inn i ROBEK. Tingvoll er meldt inn på grunn av meirforbruk i justert budsjett for 2024.

Publisert 12.09.2024

​Budsjettjusteringa viser ei samla justering av driftsbudsjett på 32,9 mill. kroner for 2024. Etter at disposisjonsfondet er tømt for å dekke meirforbruk i 2023 og 2024, er venta underskot for 2024 på 19,4 mill. kroner.

Etter kommunelova § 28-1 første ledd bokstav a, skal ein kommune meldast inn i ROBEK dersom driftsbudsjettet er vedtatt med meirforbruk. Statsforvaltaren kontrollerer botnlinja for alle kommunar sitt budsjett. I tillegg gjer Statsforvaltaren lovlegkontroll av ROBEK-kommunar.

Statsforvaltaren gjer i utgangspunktet ikkje ein eigen kontroll av budsjettjusteringar i løpet av året. Retningslinjene frå Kommunal- og distriktsdepartementet slår likevel fast at om statsforvaltaren unntaksvis blir kjend med at det er grunnlag for å registrere ein kommune i ROBEK til dømes ut frå vedtak om endring i årsbudsjett, skal ein på vanleg måte be departementet om innmelding av kommunen i ROBEK. Det er tilfellet for Tingvoll.

Om ROBEK

ROBEK er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplan, årsbudsjett eller årsregnskap innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Statsforvaltaren har fått delegert mynde på området for kommunar.

Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal utarbeide ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse. Statsforvaltaren følgjer desse kommunane tett.