Stranda kommune meldes ut av ROBEK
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i dag sendt brev til Kommunal- og distriktsdepartementet om at Stranda kommune skal meldast ut av ROBEK.
Publisert 06.02.2024
Ubalanse i budsjettet
Stranda kommune ble meldt inn på ROBEK i fjor, bokstav a og b, grunna ubalanse i budsjett- og økonomiplana for åra 2023-2026.
Stranda har vedtatt budsjett og økonomiplan for 2024-2027 som er i balanse. Det betyr at Stranda kan meldes ut av ROBEK, bokstav a og b.
Om ROBEK
ROBEK er ei liste over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplan, årsbudsjett eller årsrekneskap innanfor dei fristane som gjeld.
Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal lage ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.