Rauma meldt inn i Robek

Foto: wikimedia commons.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bede om at Rauma kommune vert underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.05.2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bedt Kommunal- og moderniseringsdepartementet om at Rauma kommune vert ført opp i registeret for betinga kontroll og godkjenning (ROBEK).

Kommunen sin årsrapport og årsrekneskap for 2020 viser eit meirforbruk i driftsrekneskapen på meir enn 3 prosent av driftsinntektene (kommunelova § 28-1 bokstav d). I tillegg hadde kommunen meirforbruk i 2019 som ikkje blei dekt inn innan fristen på 2 år (kommunelova § 28-1 bokstav c).

Kommunestyret i Rauma vedtok årsrapport med årsrekneskap 20. mai 2021.

Om ROBEK

ROBEK-registeret er et register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsregnskapet innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal lage ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Lenker