KOSTRA-rapportering for 2024 og endra kontoplan for 2025

Kommunane, interkommunale selskap og samarbeid, og kommunale føretak, skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 24. februar 2025.

Publisert 15.11.2024

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2025. Frist for rapportering av helse- og omsorgstenester, helse- og omsorgsinstitusjonar, sosialhjelp, kvalifiseringsstønad og barnevern, har frist 15. januar 2025.

For rapportering av dei øvrige tenestedata, er fristen 17. februar 2024.

Rapportering av rekneskapsdata er sett til 24. februar 2025.

Kommunar som ikkje har bestemte ordningar, for eksempel kvalifiseringsstønad eller eigedomsskatt, skal likevel sende inn det aktuelle KOSTRA-skjemaet, og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere. Dette for at SSB skal få oversikt over kven som har rapportert og for å estimere korrekte summar på regions- og landsnivå.

Meir informasjon

Meir informasjon om rapporteringa finn de hos Statistisk sentralbyrå: Informasjon om rapporteringen for kommunene – SSB

I brevet frå Kommunal- og distriktsdepartementet finn de informasjon om endringar i artar og funksjonar i kontoplanen frå 2024 til 2025. I tillegg finn de lenke til Rettleiaren til KOSTRA kontoplan for 2025. 

Treng du hjelp i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste. Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon 62 88 51 70.