Fylkesvis skjønnsramme 2020 - Møre og Romsdal
Fylkesmannen tildeler årleg skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. For 2020 skal 61 millionar fordelast. I 2020 har 36 kommunar blitt til 26 kommunar og dei nye kommunane har fått nye kommunenummer og det har og blitt nye namn på fleire av kommunane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har på bakgrunn av retningslinjene for skjønnstildelinga og innspel frå kommunane fordelt 51 250 000 kroner til statsbudsjettet for 2020. Ved å fordele brorparten av ramma, blir det meir forutsigbart for kommunane kva dei vil få i skjønnsmidlar det kommande året og midlane kan leggast inn i budsjetta. Restmidlane for 2020 på 9 750 000 kroner vil bli fordelt i november 2020.
Det har blitt sendt ut brev til alle kommunar som har fått skjønnsmidlar kor vi går litt meir i detalj om dei einskilde prosjekta og grunnlaget for tildelinga.
Sjå vedlagte tabell for den kommunevise tildelinga.
Kontaktpersoner
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44