Fordeling av restskjønnsmidlane for 2023

Statsforvaltaren har fordelt 4,8 millionar kroner i tilbakehaldne skjønnsmidlar.

Publisert 04.12.2023

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fått 51,6 millionar kroner i fylkesvis skjønnsramme til å fordele i budsjettåret 2023.

Vi har tidlegare fordelt 46,8 millionar kroner til kommunane. Her følger fordelinga av dei resterande 4,8 millionar kroner.

Vi har i fordelinga teke omsyn til:

  • at føremålet med skjønnsmidlar er å fange opp lokale tilhøve som ikkje er vareteke godt nok i inntektssystemet eller gjennom andre tilskotsordningar
  • ei heilskapleg vurdering av kommunanes økonomi etter inntektsnivå og utgiftsbehov
  • at skjønnsmidlar bør bli gitt på grunnlag av kommunen sin overordna økonomiske situasjon, og ikkje på grunnlag av tilhøve i einskildståande sektorar
  • meirutgifter etter ekstraordinære hendingar og økonomiske utfordringar som har oppstått gjennom året

Fordelinga på kommunenivå:

Kommunenr

Kommunenavn

Skjønn i hele kroner

1505

Kristiansund

 

1506

Molde

300000

1508

Ålesund

200000

1511

Vanylven

100000

1514

Sande

300000

1515

Herøy

500000

1516

Ulstein

200000

1517

Hareid

100000

1520

Ørsta

241140

1525

Stranda

500000

1528

Sykkylven

200000

1531

Sula

 

1532

Giske

100000

1535

Vestnes

200000

1539

Rauma

550000

1547

Aukra

 

1554

Averøy

350000

1557

Gjemnes

100000

1560

Tingvoll

 

1563

Sunndal

 

1566

Surnadal

150000

1573

Smøla

 

1576

Aure

 

1577

Volda

200000

1578

Fjord

400000

1579

Hustadvika

100000

1580

Haram

 

Sum

 

4791140