Skjønnstildelinga i statsbudsjettet 2017
Vi viser til brevet vårt frå 18. juni i år om innspel til ordinære skjønnsmidlar. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har tildelt 30 004 000 kroner i statsbudsjettet for 2017.
Fylkesmannen tildeler årleg skjønnstilskott til kommunane i Møre og Romsdal. I 2017 skal 90,4 millionar kroner tildelast. Fylkesmannen har på bakgrunn av retningslinjene for skjønnstildelinga og innspel frå kommunane, tildelt 30 004 000 kroner i statsbudsjettet. Den kommunevise tildelinga er i vedlagte tabell under relaterte dokument til høgre.
Tildelinga er på følgande grunnlag:
Kompensasjon for differensiert arbeidsgivaravgift
Etter endringane i arbeidsgivaravgiftsonene, endringane i retningslinjene for skjønnstildelinga og i oppbygginga av den fylkesvise skjønnsramma, har vi valt å gjere endringar i korleis vi kompenserer dette forholdet. På sikt vil vi handsame denne kompensasjonen etter same prinsipp som for andre forhold vi vurderer i skjønnstildelinga. Det vil si at vi ikkje lenger vil ha ein tilnærma full kompensasjon for endringane i 2007. Vi vil trappe ned tildelinga vi tradisjonelt har hatt med 20 prosentpoeng årleg i fire år. Vi er no inne på tredje året med nedtrapping. Vi vil etter dette ta ei ny vurdering av kompensasjonen.
Språkdeling
Kommunar som har ekstrautgifter til oppretting av nye klasser som følje av språkdeling har fått ein kompensasjon. Dette er tildelt kommunar som berre på grunn av kravet om begge målføre på ekstra grupper i grunnskolen.
Rovviltpolitikk
Skadeførebyggjande og konfliktdempande tiltak i regi av kommunen der aktuelle interesser er representert.
Skyss av helsepersonell
Kommunar som har særskilte utgifter til ambulansebåt har fått ein kompensasjon.
Barnevern
Utgiftene knytt til barnevern, og spesielt barn under omsorg, varierer mykje mellom kommunane. Vi kompenserer dei kommunane med dei største utfordringane i fylket. Vi har i utgangspunktet kompensert dei kommunane med eit uforholdsmessig høgt tal på barn under omsorg. Dette er så vurdert opp mot det øyremerka tilskottet for å styrke barnevernet og andre kompensasjonsordningar.
Tildeling av restmidlar i 2016
Kommunane i Møre og Romsdal fekk tildelt ei total skjønnsramme for 2016 på 101 millionar kroner. Vi har tidlegare tildelt 58 341 000 kroner. Restramma er på 42 659 000 kroner. Den atthaldne ramma skal gå til kommunereform, forpliktande plan til kommunar i Robek, kommunar med spesielt høge utgifter til ressurskrevjande tenester samt generell vurdering og særskilte saker.
Kontaktpersoner
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44