Rår til at Liabygda går over til Fjord kommune

Bilde av del av Liabygda med utsikt over gard og sjø.
– Vi vurderer det slik at ei grensejustering vil gi ei meir føremålstenleg kommunegrense enn den som er i dag, seier statsforvaltar Else-May Botten. Foto: Rust foto.

Innbyggarane i Liabygda får allereie tenestene sine frå Fjord, og ønsker å bli del av kommunen. Dette gjer at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal rår til ei grensejustering.

Publisert 28.02.2025

– Det bur 184 innbyggarar i Liabygda. 74 prosent av desse ønsker seg over til Fjord. Dei har ei kjensle av å høyre til der. Dette veg tungt i saka, seier statsforvaltar Else-May Botten.

Kommunal og distriktsdepartementet har bedt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal greie ut om Liabygda bør bli grensejustert frå Stranda kommune til Fjord kommune.

Vil krevje ressursar og omstilling

– Ei grensejustering vil krevje ressursar og omstilling frå begge kommunar, og vi ser at dette kan vere krevjande, særleg for Stranda kommune. Derfor vil Statsforvaltaren gi skjønnsmidlar dersom grensejusteringa blir vedtatt, seier Botten.

Statsforvaltaren rår til at grensejusteringa først skal tre i kraft frå 1. januar 2027.

Meir føremålstenleg

– Vi vurderer det slik at ei grensejustering vil gi ei meir føremålstenleg kommunegrense enn den som er i dag. Innbyggarane får allereie kommunale tenester frå Fjord og har fritidsaktivitetane sine der. Den geografiske plasseringa av Liabygda og resultatet frå innbyggarhøyringa, der 74 prosent av innbyggarane ønsker seg til Fjord, taler for ei grensejustering, seier Botten.

Ho seier at gjennom ei grensejustering vil innbyggarane i Liabygda kunne delta i lokaldemokratiet i Fjord, og slik vere med å påverke det kommunale tenestetilbodet dei allereie er ein del av.

– Eit anna relevant moment er at ei grensejustering vil gjere det meir føreseieleg for Fjord kommune, som yter tenester til innbyggarane i Liabygda, seier Botten.

Kartverket har teikna forslag til nye grenser i sjøen etter midtlinjeprinsippet. Statsforvaltaren støtter forslaget.

Departementet avgjer

Etter at Statsforvaltaren har kome med si tilråding, er det opp til departementet å konkludere. Departementet vil gjennomføre møter med både Stranda og Fjord, og deretter ta ei avgjerd. Det er ikkje kjent når dei vil lande denne.

Kontaktpersoner