Satsar på ungt entrepenørskap og digital helseplattform

Kommunane i Møre og Romsdal får i 2022 øyremerka midlar til ungt entrepenørskap og digital helseplattform.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.10.2021

Kvart år deler Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut statlege midlar (skjønnsmidlar) til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane.

– I utdelinga for 2022 held vi fram satsinga på digital forvaltning og ungt entreprenørskap, fortel assisterande statsforvaltar Berit Brendskag Lied.

Til nyskaping i kommunane

– Målet med skjønnsmidlane er at kommunane skal få pengar til å prøve ut nye løysingar som skal styrke kommunens tilbod til innbyggjarane, seier Brendskag Lied.   

Det er kommunane sjølv som søker om midlar. Prosjekta dei søker om pengar til kan vere nyskapande innan ulike deler av eige arbeid. Statsforvaltaren fekk i år inn 45 søknadar på til saman 49 millionar kronar.

Til no er til saman 6,6 millionar tildelt. ­

– Det kan komme fleire tildelingar av prosjektskjønn utover hausten. Vi har ikkje behandla ferdig søknadene inn mot berekraftsfylket Møre og Romsdal, som også er eit av våre satsingsområde, fortel Brendskag Lied.

Helseplattform

Absolutt det meste av tildelinga til no, heile 5,8 millionar, går til utviklinga av ein digital helseplattform i regionen. På den nye plattforma skal sjukehus, kommunar og fastlegar jobbe i lag for å sikre betre pasientbehandling.

­– Den nye elektroniske journalen i helseplattforma skal følge pasienten i alle møte med helsetenestene i vår region. Slik skal dei ulike helseteneste samarbeide til pasientens beste, seier Brendskag Lied.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt støtte til koordinatorstillingane i regionen.

– Koordinatorane hjelper kommunane med å drive den politiske prosessen, og med å forberede innføringa av systemet. Koordinatorane er derfor ei viktig brikke i utviklingsarbeidet både store og små kommunar, seier Brendskag Lied.

Arbeidet med helseplattforma skjer i tett samarbeid med kommunane i Trøndelag og Helse Midt.

Ungt Entrepenørskap

Innan Ungt Entreprenørskap er det i år tolv kommunar som får prosjektskjønn.

Det at dei har skreve ein avtale med Ungt Entreprenørskap utløyser ein fast sum per innbyggar.

– Statsforvaltaren oppmodar alle kommunar i fylket til å ta inn Ungt Entreprenørskap-programmet i grunnskolen. Møre og Romsdal trenger fleire grundere i framtida, og vi bør starte tidleg med å lære opp og vise moglegheiter for neste generasjon, seier Brendskag Lied.

Ungt Entrepenørskap er ei satsing i Møre og Romsdal 2025. Ungt Entrepenørskap er ein ideell, landsomfattande organisasjon som saman med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle barn og unges kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.

Om skjønnsmidlar

Kvart år får kommunane faste inntekter og tilskot frå staten. I statsbudsjettet settast det i tillegg av ein ekstra sum med pengar til kvart fylke – dette blir kalla «skjønnsmidlar». Det er statsforvaltarane som deler ut skjønnsmidlane.

Formålet med skjønnsmidlane er å fange opp forhold som ikkje blir godt nok ivaretatt gjennom dei faste tilskotsordningane. Skjønnsmidlane skal være til fornying og utvikling av kommunane.

Ein del av skjønnsmidlane skal gå til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane, såkalla prosjektskjønnsmidlar. Disse midlane kan kommunane søkje om særskilt. Dei siste åra har tildeling av prosjektskjønn i Møre og Romsdal, dreidd frå små einskilde prosjekt, til å gjelde utviklingsprosjekt som omfattar alle våre 26 kommunar.