Søknad om løyve etter forurensningslova til biogassanlegg i Hustadvika kommune
- Høringsfrist:
- 24. januar 2025 23:59
Havila Biogass Hustadvika AS søkjer om løyve etter forureiningslova til biogassanlegg ved Varhol industriområde.
Publisert 10.12.2024
Det søkjast om eit samla årleg mottak av 114 273 tonn biomasse for å produsere biogass. Biomassen som skal takast imot er husdyrgjødsel, fiskeavfall og anna organisk avfall.
Søknadsdokumenta kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Vi ber om at eventuelle merknadar til søknaden vert send til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no før 24.01.2025.
- Høringsfrist:
- 24. januar 2025 23:59