Salmon Evolution Dale AS søkjer om løyve etter forureiningslova

Høringsfrist:
18. oktober 2024 23:59

Søknaden gjeld utslepp frå settefiskanlegg på lokaliteten Dale i Volda kommune.

Publisert 12.09.2024

Salmon Evolution Dale AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å gjenopprette det tidlegare løyvet frå 2011, men med tilpassing til dagens reinsekrav. Dette gjeld settefiskanlegget på lokaliteten Dale i Volda kommune. Anlegget har i dag eit mellombels løyve etter forureiningslova for ein årleg produksjon på 306 tonn (1,8 millionar settefisk). Det blir no søkt om å få tilbakeført eit permanent løyve for ein årleg produksjon på 650 tonn (5 millionar settefisk), i samsvar med gjeldande reinsekrav.

Søknaden kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle merknadar må sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 18. oktober 2024.

Høringsfrist:
18. oktober 2024 23:59