Statens vegvesen søkjer om utfylling ved Grandfjæra vest i Molde

Høringsfrist:
25. september 2024 23:59

Statens vegvesen, Utbyggingsområde midt søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling med 618 500 m3 massar ved gnr. 25 bnr. 1542 i Molde.

Publisert 22.08.2024

Det skal òg mudrast om lag 25 250 m3 massar i same området og KC-stabiliserast tilsvarande 4 300 m3. Hensikta med tiltaket er å nytte overskotsmassar frå vegprosjekt til å etablere ei permanent sjøfylling som del av byutviklinga.

Søknad med vedlegg kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle merknadar må sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 25. september 2024.

Høringsfrist:
25. september 2024 23:59