Oppstart vern av skog i Aure

Høringsfrist:
10. august 2024 23:59
Ringstadfjellet. Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren melder med dette oppstart av arbeid med frivillig vern av skog ved Vik/Ervik og Skarvberglia, Aure kommune.

Publisert 08.07.2024

Tilbodet om vern kjem frå grunneigarane etter ordninga for frivillig skogvern. Områda har eit areal på ca. 1.170 daa og 290 daa.

Det er ønskjeleg å få fram mest mogeleg kunnskap og informasjon om bruken av områda, samt kulturverdiar og anna som kan vere aktuelt å ta omsyn til ved utarbeiding av eit endeleg verneplanframlegg.

Hovudformålet med vern er å sikre biologisk verdfulle skogsområde som ein del av naturarven. Vern som naturreservat inneber den strengaste verneforma etter naturmangfaldlova, og konsekvensen er eit forbod mot alle tiltak som kan endre naturmiljøet.

Dei naturfaglege data viser at områda har kvalitetar for vern som naturreservat. Her er registrert kystfuruskog, gammal boreal lauvskog og rik edellauvskog, alt av høg kvalitet. Det er ein føresetnad for vern at det vert inngått avtale om erstatning.

Sjå lenka til karta som viser tilbydde skogområde.

Etter denne innspelsfasen vil det bli laga eit verneframlegg med verneforskrift og tilhøyrande vernekart. Dette blir sendt på høyring med ein frist på om lag 2 månader. Eventuelle spørsmål om verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, evt. på e-post sfmrpost@statsforvalteren.no.

Fristen for å kome med merknader/innspel til oppstartsmeldinga er 10.08.2024.