Vern av skog i Bøverdalen

Høringsfrist:
27. juli 2024 23:59
Alm er ein sterkt truga art som veks i Bøverdalen (foto: Egil Michaelsen).

Statsforvaltaren høyrer eit framlegg om vern av naturreservat i Bøverdalen i Surnadal kommune. Området ligg inst i Bøverdalen, og utgjer 1.730 daa.

Publisert 28.05.2024

Bøverdalen har varierte skogtypar. Hovuddelen er ei stor bekkekløft. I botnen av denne er det flomskogsmark, ein truga naturtype. I området er også beiteskog, gammal furuskog og gammal, boreal lauvskog. Her er eit stort mangfald med raudlisteartar.

Framlegget er basert på tilbod om frivillig skogvern frå grunneigarane, og det er tilbydd gjennom skogeigarforeininga ALLSKOG. Utgreiingane viser at vern av området ikkje har nokon negativ verknad på skognæringa, verken lokalt eller regionalt.

Fristen for merknader og innspel er 27. juli 2024. Slike skal sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, ev. sfmrpost@statsforvalteren.no

Høringsfrist:
27. juli 2024 23:59