Oppstartsmelding for vern av skog

Høringsfrist:
30. mai 2024

Statsforvaltaren melder med dette oppstart av arbeid med utviding av Nesplassen naturreservat i Fjord kommune.

Publisert 15.05.2024

Tilbodet om vern kjem frå grunneigarane etter ordninga for frivillig skogvern. Området har eit areal på ca. 1.702 daa og er ei direkte utviding av eksisterande naturreservat med rik edellauvskog.

Det er ønskjeleg å få fram mest mogeleg kunnskap og informasjon om bruken av området, samt kulturverdiar og anna som kan vere aktuelt å ta omsyn til ved utarbeiding av eit endeleg verneplanframlegg.

Hovudformålet med vern er å sikre biologisk verdfulle skogsområde som ein del av naturarven. Vern som naturreservat inneber den strengaste verneforma etter naturmangfaldlova, og konsekvensen er eit forbod mot alle tiltak som kan endre naturmiljøet.

Dei naturfaglege data viser at områda har kvalitetar for vern som naturreservat. Her er registrert rik edellauvskog og kaklfuruskog, alt av høg kvalitet. Det er ein føresetnad for vern at det vert inngått avtale om erstatning.

Sjå kart under her som viser tilbydd skogområde.

Etter denne innspelsfasen vil det bli laga eit verneframlegg med verneforskrift og tilhøyrande vernekart. Dette blir sendt på høyring med ein frist på om lag 2 månader. Eventuelle spørsmål om verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, ev. på e-post sfmrpost@statsforvalteren.no.

Fristen for å kome med merknader/innspel til oppstartsmeldinga er 30.05.2024.

imagehtv4a.png

Høringsfrist:
30. mai 2024

Kontaktpersoner