Rettleiar om teieplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt i forvaltninga
Justis- og beredskapsdepartementet har publisert ein rettleiar om teieplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt i forvaltninga.
Les rettleiaren på regjeringa sine sider ...
Ofte må vi i forvaltninga vurdere regler om teieplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt. Reglene her kan vere kompliserte.
Denne nye rettleiaren kan vere til god hjelp for å kunne løyse spørsmål som oppstår på dette området.
Skal gi samla oversikt over reglar
Formålet med rettleiaren er å gi ei samla oversikt over rettsreglar om teieplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt i forvaltninga. Dette skal gi alle ein betre forutsetning for å løyse dei rettsspørsmåla som kan oppstå.
For tilsette i forvaltninga - og for alle
Målgruppa er alle som arbeider eller yter tenester innanfor forvaltninga, og som er underlagt forvaltningsrettslege reglar i samband med dette.
Rettleiaren er også for personar som ikkje har juridisk bakgrunn, og inneheld rettleiing om regelverket på mange område, mellom anna barnevern og helse- og omsorgsteneste.