Opptrappingsplan for psykisk helse (2023-2033)
Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023 – 2033) skal bidra til at fleire får oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at sosiale forskjellar i psykisk helse vert redusert.
9. juni lanserte Helse og omsorgsdepartementet den nye planen som omfattar heile det psykiske helsefeltet. Planen har tre innsatsområde. Den skal dekkje både det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, sikre meir tilgjengelegheit og hjelp der folk bur, og gi tilbod til dei med alvorlege og samansette utfordringar.
Mål for planperioden:
- Barn og unges sjølvrapporterte helseplager er redusert med 25 prosent
- Redusert andel av unge som blir uføre med bakgrunn i psykiske plager og lidingar
- Innbyggjarar i alle kommunar har tilgang til kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innan psykisk helse og rus
- Barn og unge som blir vist til psykisk helsevern får tilbod om ein vurderingssamtale for å avklare vidare oppfølging i spesialisthelsetenesta eller den kommunale helse- og omsorgstenesta
- Gjennomsnittleg ventetid til psykisk helsevern skal reduserast
- Hindre nedbygging av sengeplassar og sikre at døgnkapasiteten i psykisk helsevern er på eit nivå som møter behovet for å vareta barn, unge og vaksne med alvorleg psykisk liding som har behov for døgnbehandling
- Menneske med alvorlege psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem har auka levealder, og forskjellen i levealder mellom denne pasientgruppa og befolkninga elles er redusert
- Helsepersonell har meir tid til pasientar, brukarar og fagutvikling
Pågåande og komande arbeid som må sjåast i samanheng
Regjeringa har sett i gang fleire arbeid som påverkar psykisk helse-feltet i planperioden. Regjeringas tillitsreform, Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar og Felleskap og meistring – Bu trygt heime, er allereie kome.
Folkehelsemeldinga bygger på premissane om at helsefremjande arbeid og førebygging må skje på alle samfunnsområde. Andre arbeid er:
- Nasjonal helse- og samhandlingsplan – skal etter planen leggast fram hausten 2023
- Forebyggings- og behandlingsreformen for rusfeltet – skal etter planen leggast fram som ei stortingsmelding våren 2024
- Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner – blir lagt fram for Stortinget hausten 2023
- Handlingsplan mot spillproblemer (2022-2025)
- Regjeringens langtidsplan for forskning og høyere utdanning (2023-2030)
- Regjeringens handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfold (2023-2026)
- Styrkingen av allmennlegetjenesten
- Nasjonal livskvalitetsstrategi – blir etter planen lagt fram i 2024
Heile opptrappingsplana finn du på heimesida til regjeringa ...