Handtering av traumer

Deltakere fra Giske, Hustadvika, Herøy, Vestnes, Haram og Molde. Helt til høyre i bildet:Kursholder psykologspesialist Marit Berg. 

12 kommunar har til saman deltatt på kursleiar-kurs i TRT - Teaching Recovery Techniques – som er ein lågterskelintervensjon for å redusere traumerelaterte psykiske plager hos flyktningborn og unge.

Publisert 15.11.2024

Saman med RVTS-midt har Statsforvaltaren i haust arrangert to kursleiar-kurs for fagpersonar i Møre og Romsdal som møter flyktningborn og -ungdom i sin arbeidskvardag.Deltakarane har vore pedagogar, miljøarbeidarar og helsepersonell. Siste kurset gjekk av stabelen 4.-5. november.

TRT er ein metode utvikla av Children and War Foundation, og Flyktningehelseinstituttet gjorde ei implementeringsstudie i Noreg i 2017-2018. TRT blir gitt som eit kurs med fem moduler for born/ungdommar og to moduler for omsorgspersonane deira (foreldra). På kurset lærer deltakarane teknikkar for å handtere reaksjonar på traumatiske opplevingar. TRT kan leiast av gruppeleiarar utan klinisk psykologisk eller psykiatrisk utdanning.

Målet med denne to-dagars gruppeleiaropplæringa er å tileigne seg nok kunnskap om intervensjonen til å kunne organisere og gjennomføre TRT-grupper. Ein bør vere to gruppeleiara når ein gjennomfører TRT-kurs, men dei fleste av kommunane stilte med fleire deltakarar.

Gruppeleiaropplæringa blei gitt som ei blanding av førelesing, demonstrasjon og øvingar. I etterkant blir deltakarane tilbydd eit digitalt rettleiingstreff der dei kan dele erfaringar og få råd og rettleiing.