Deler kompetanse om rus og psykisk helse

En person går tur i åpent landskap på fjell, strekker armene mot himmelen. Sola kommer inn fra siden.
Det overordna målet for Statsforvaltarens arbeid innan feltet rus og psykisk helse, er betre tenester for den enkelte innbyggjar, og at kommunane kan bruke ressursane sine betre. Foto: Shutterstock.

Kommunane skal både førebyggje, behandle og ivareta den stadig aukande gruppa av personar som søker hjelp for ulike utfordringar innan psykisk helse og rus.

Publisert 20.09.2024

– Sjølv om årsverka innan fagfeltet har auka, slit særleg dei små kommunane med å rekruttere og behalde kvalifisert arbeidskraft, seier Ragnhild Naas.

Ho er seniorrådgivar på fagfeltet rus og psykisk helse hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og arbeider for implementere nasjonal politikk i regionen.

Fagdagar og kurs hausten 2024

– Korleis arbeider Statsforvaltaren i Møre og Romsdal med dette fagfeltet denne hausten?

Vi arrangerer fagdagar og kurs, og dannar nettverk der vi utvekslar kompetanse og erfaring. I tillegg administrerer vi statlege tilskotsordningar som kommunane kan søke på. Dette gjer vi i samarbeid med ulike kompetansesenter som Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid – NAPHA, Kompetansesenter for rusfeltet – KORUS, Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging – RVTS Midt og Kompetansesenter for brukarerfaring og tenesteutvikling, KBT.

På fagdagane står førebygging og tidleg innsats høgt på lista. Denne hausten blir det for andre gang arrangert kurs for kommunane i digitale verktøy. «Snakkemedbarn.no» skal gi tryggleik og kompetanse til den vaksne, og «JegVet.no» gir barn og unge kunnskap om kropp og grenser, vald og overgrep, følelsar og vennskap.

– Vi er glad for å sjå at det er stor interesse i heile fylket til å lære meir om dette, og vi følgjer opp med ein dag der vi diskuterer erfaringar og utfordringar seinare i haust, fortel Naas.

Ho fortel at det også blir eit nytt kursleiarkurs i TRT - Teaching Recovery Techniques i haust.

– TRT skal redusere traumerelaterte psykiske plager hos flyktningbarn og unge. Det blei venteliste på kurset vi hadde i vår, så derfor blir det eit nytt kurs no i haust.

Det vert også tre nettverkssamlingar i haust, tilpassa ulike behov hos kommunane.

Nettverk for og med kommunar

Kva er målet bak nettverkssamlingane?­

– Vi ønsker dei skal gi auka kunnskap om ulike måtar å løyse utfordringar på og lette kontakten og samarbeidet på tvers av kommunar og sektorar. Det overordna målet er betre tenester for den enkelte innbyggjar, og at kommunane kan bruke ressursane sine betre. Vi må tenke smartare og samarbeide betre om skal vi ha moglegheit til å sikre at alle får den hjelpa dei treng, når dei treng ho.

Kven er samlingane for?

– For leiarar og andre tilsette som arbeider med, eller opp imot, menneske med utfordringar innan psykisk helse og rus. I tema som omhandlar å førebygge og ha tidleg innsats inkluderer vi også for eksempel oppvekst- og utdanningsfeltet.

Naas seier at det er et ønske at også brukarar av tenester er med på nettverkssamlingar.

– Vi ønsker å involvere brukarar så dei kan spele inn sine erfaringar, ikkje berre inn mot tenester som dei får sjølv, men også på teneste- og systemnivå.

Nettverk om vaksne, ungdom og om Recovery

På Nordmøre og i Romsdal skal haustens nettverksamling handle om tilbod til vaksne tenestemottakarar. På Sunnmøre står arbeid med ungdom og unge vaksne på dagsorden.

Den siste nettverkssamlinga er for kommunar som vil utvikle Recovery-orienterte tenester.

– Kort fortalt går det ut på at tenestene skal bli utvikla i samarbeid med brukarar av tenestetilboda. Brukarane sin personlege betringsprosess står i sentrum, i lag med gode sosiale rammevilkår. Målet er meiningsfulle kvardagar og eit godt liv, der fokus ikkje er fråvær av symptom, men å delta, meistre og å vere ein medborgar.

Brukarane skal stadig gi tilbakemelding på kommunen sine tenester gjennom ulike verktøy. Tenestene skal bli endra og utvikla etter tilbakemeldingane.

– Brukarmedverknad bidreg til å styrke motivasjon og sjølvbilde, noko som igjen gir betre livskvalitet og helse. Brukarane opplever seg verdsett og respektert i møte med helsevesenet, seier Naas.

Mål om betre tenester

Ho ser fram til nettverksmøte som fremmar samarbeid mellom ulike aktørar, både brukarar, pårørande og fagpersonar.

– Dette kan føre til betre og meir koordinerte tenester, seier ho. 

Kontaktpersoner

Ragnhild Naas arbeider med rus og psykiatri hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal