10.oktober - Verdsdagen for psykisk helse
Årets tema er at me treng og snakka meir saman. Oppmodinga er å gi 8 minutt av di tid til nokon du bryr deg om.
Bakgrunnen for val av tema er samansett, men tala er tydelege. Ein av tre under 44 år seier dei opplever lite meining i livet og rapporterer om generelt dårlegare livskvalitet. Medan det tidlegare var dei yngste som var mest fornøgde med livet, er det no snudd til at det er dei yngste som rapporterer auke i opplevde psykiske helseplager, utanforskap og einsemd. I tillegg til ein større del med psykiske plager blant dei unge, ser me også auka talet på unge uføre. Dette er noko kommunane er merksame på og ønskjer å ta tak i gjennom ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, blant annet gjennom å legge til rette for møteplassar.
Kommunenes helhetlige arbeid med folkehelse
Dette fekk me stadfesta då me i vår utførte eit landsomfattande tilsyn etter folkehelselova. Alle kommunane svarte på ei undersøking der dei gjorde greie for dei langsiktige og systematiske folkehelsearbeida til kommunen med å fremja god psykisk helse hos barn og unge. Vi såg der at kommunane i fylket vårt har oversikt over helsetilstanden til barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar den psykiske helsetilstanden deira. Vidare såg me at mange kommunar bruker denne kunnskapen til å setja i verk planar som blir følgde opp med tiltak, men at det varierte kor målretta desse tiltaka var og i kva grad dei vart evaluerte. Ein endeleg rapport er under utarbeiding og vil bli lagd fram for kommunane i løpet av hausten, og forhåpentleg bidra til eit endå meir systematisk og langsiktig folkehelsearbeid.
Nytt frå 2022 var at alle kommunar i tillegg skal ha ein plan for arbeidet i kommunen med å førebyggja omsorgssvikt og åtferdsproblem. Kommunen skal beskriva mål for arbeidet, korleis dei samordnar tenestetilbodet til barn og unge, kven som har ansvar og korleis tenestene skal samarbeida. Same år kom også endring i 14 velferdstenestelover, som gjorde tydeleg ansvar og plikt om samhandling for å sikra meir heilskaplege tenester for utsette barn og familiane deira.
Opptrappingsplan psykisk helse
Opptrappingsplanen for psykisk helse som skal gå frå 2023–2033 har tre innsatsområde der helsefremjande og førebyggjande psykisk helsearbeid er eit av desse. Riksrevisjonens rapport om psykiske helsetenester frå 2022 viste at det var ulikt kva og kor mykje tenester dei ulike helseregionane kunne tilby innbyggjarane sine, og målet er mellom anna at innbyggjarar i alle kommunar skal ha tilgang til kunnskapsbaserte lågterskeltilbod. I tillegg må det arbeidast meir med vidareutvikling av gode digitale løysingar. Vidare må helsestasjons- og skulehelsetenesta styrkjast. Nesten alle barn er i barnehage og alle skal ha eit skuletilbod. Dei er viktige i arbeidet i kommunane med å gi alle ein god start på livet. Hovudutfordringa for helsestasjons- og skulehelsetenesta er i hovudsak tilgjengelegheit og kapasitet. For barn og unge handlar det om at tenesta bør vera tilgjengeleg, både gjennom tilpassa opningstider og på digitale flater, og at kapasiteten er god nok til at det går an å få time med kort eller inga ventetid. Dette inneber mellom anna større nærvær av helsesjukepleiar på skular.
I tillegg ser me at det er behov for personell med helse- og sosialfagleg bakgrunn inn i skulane som miljøarbeidarar. Dei står i eit unikt høve til å fanga opp barn og unge tidleg, sidan dei er til stades og ser barna der dei er – kvar dag. Når me veit at barn og unge treng å kunna kjenna og stola på ein vaksen for å kunna opna seg om det som er vondt og vanskeleg, blir den daglege kontakten og nærværet ekstra viktig. For jo tidlegare ein kjem inn, jo raskare kan tiltak setjast i verk og psykisk uhelse blir unngått.
Førebygging og tidleg innsats
Vi veit at barn og unge er særleg sårbare i periodar av livet der det skjer overgangar. Overgangar mellom barnehage og skule, barneskule til ungdomsskule og vidare over i vidaregåande skular. Kommunane må satsa på helsefremjande vernefaktorar som me er kjende med: betre levekår og auka meistring, og slik bidra til meir robuste barn og unge som handterer belastningar betre enn det ser ut til at mange unge gjer i dag. Vidare må kommunane arbeida førebyggjande med å redusera risikofaktorar som utanforskap og fattigdom, og dessutan målretta og styrkja arbeidet til skulen med psykisk helse. For å nå desse måla krevst det evne og vilje til styrking av samhandling og samarbeid på tvers av tenester og sektorar som tidlegare ikkje har samarbeidd så nært, slik som helsetenester og barnehage/utdanning. I Nasjonal rettleiar psykisk helsearbeid barn og unge, blir tidleg innsats, samarbeid og samordning på tvers av tenester vurdert som ein grunnleggjande føresetnad for å lykkast.
Frivilligheit og medmenneskelegdom
Sjølv om det offentlege trappar opp innsatsen i førebyggjande og helsefremjande arbeid, er ikkje dette nok. Me treng at alle bidreg på sitt vis, mellom anna med å bruka litt av vår tid til å visa interesse og medmenneskelegdom til personar me møter på vår veg i løpet av ein dag. Det kan vera å slå av ein prat rundt kaffitraktaren på jobb med ein kollega, stoppa opp når naboungane kjem heim frå skule og barnehage og spørja korleis dagen deira har vore, eller ringe den gamle onkelen din som etter hjerneslaget i fjor ikkje lenger kjem seg ut på kafétreffet med kameratane. Det høyrest lite ut, og for mange er dette sjølvsagt, både det å gi og få merksemd frå eit anna menneske i løpet av ein dag. Men me veit at det ikkje er sånn for alle. Mange historier frå menneske som i kortare eller lengre periodar av livet har hatt det vanskeleg, fortel at det at læraren, bibliotekaren, naboen eller tanta såg dei, gjorde at det ein stod i var til å halda ut. Derfor, ikkje tenk at du ikkje kan gjera ein forskjell, litt er mykje betre enn ingenting – det hjelper! Så oppmodinga blir teken og blir hermed sendt vidare; gi 8 minutt av di tid til nokon du bryr deg om!
Kontaktpersoner
-
Ragnhild Naas
Tlf: 71 25 85 07