Kvalitetsforbetring ved Stella Maris – avslutta tilsyn
Vestnes kommune har gjennomført ei tilstrekkeleg kvalitetsforbetring ved helsehuset Stella Maris. Tilsynet frå Statsforvaltaren er no avslutta.
Etter å ha fått fleire bekymringsmeldingar frå pasientar og pårørande, gjennomførte Statsforvaltaren tilsyn ved Stella Maris i Vestnes kommune.
– Vi undersøkte særleg tre forhold: Vi såg etter om pasientane sin ernæringsstatus blei vurdert, og at nødvendige tiltak blei sett i verk om det var nødvendig. Vi sjekka også om bebuarene på helsehuset fekk tilbod om variert og tilpassa aktivitet ut frå eigne ønsker og behov. Dessutan såg vi på om pasientane sin fallrisiko blei vurdert på helsehuset, og om eventuelle nødvendige tiltak blei gjennomført, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.
Fleire lovbrot ved helsehuset
I tilsynet blei det funne lovbrot innan alle desse forholda.
– Manglar i styringa kunne føre til at pasientar stod i fare for å utvikle underernæring eller ernæringssvikt og å ikkje få dekt behovet sitt for aktivitet. Vi fann også at helsehuset ikkje hadde gode nok førebyggande tiltak mot fall. Dessutan var nødvendig og relevant informasjon ikkje alltid dokumentert i journalen til pasientane, fortel fylkeslegen.
Ho seier at mangelfull journalføring kan føre til manglande kontinuitet i helsehjelpa, og manglande moglegheit til å kontrollere kva for helsehjelp som er gitt.
Omfattande kvalitetsforbetring
– I etterkant av tilsynet har kommunen gjennomført eit omfattande kvalitetsforbetringsarbeid. Vi har også hatt fleire oppfølgingsmøter. Kommunen har no stadfesta til oss at forbetringstiltaka deira har hatt den ønska effekten. Statsforvaltaren har på bakgrunn av dette avslutta tilsynet, seier fylkeslegen.