«Hei, og velkommen til Nav! Gjelder det økonomisk sosialhjelp, midlertidig bolig eller andre sosiale tjenester, tast 1»
Helsetilsynet avsluttar i desse dagar eit toårig nasjonal undersøking om tilgjengelege sosiale tenester i NAV. Som eit ledd i dette arbeidet la Helsetilsynet fram ein rapport i samband med si undersøking av NAV Kontaktsenter 2020-2021.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Sosiale tenester i NAV er velferdssamfunnet sitt siste instans for å gi tryggleik for sine innbyggarar. Det er derfor særleg viktig at brukarane har god tilgjengelegheit til tenestene. NAV kontaktsenter er første kontaktpunkt for brukarar som tek kontakt med NAV på telefon, og fungerer som eit bindeledd mellom bruker og NAV-kontoret. Helsetilsynet har undersøkt korleis denne løysninga med telefon påverkar tilgjengelegheita til dei sosiale tenestene.
I følgje Helsetilsynet, synar undersøkinga at brukarane blir møtt av tilsette i NAV Kontaktsenter med gode samtaleferdigheitar. Samstundes ser Helsetilsynet barrierar i løysninga med telefon som kan gjere dei sosiale tenestene mindre tilgjengelege for brukarane. Konsekvensane er at brukarane ikkje alltid får rett hjelp til rett tid. Helsetilsynet meiner at funna er alvorlege.
Brukarar som tar kontakt om sosiale tenester har ofte behov for informasjon og rettleiing ut over det som er kontaktsenteret sitt ansvarsområde. Dei må settast i kontakt med Nav-kontoret i kommunen for å få individuelle vurderingar ut frå sitt konkrete behov. Det gir meir ventetid, og det kan ta lang tid før dei får nødvendig hjelp.
Helsetilsynet tilrår fagmyndigheiter og kommunar om å sette i verk tiltak som sikrar god tilgjengelegheit til tenestene på telefon slik at brukarane får tatt i vare sine behov av riktig omfang og til riktig tid.
Du kan lese heile artikkelen på Statens Helsetilsyn sine heimesider. Lenke til rapporten finn du i høgremenyen.