Beskytt deg sjølv og dei rundt deg – ta influensavaksinen!
– Influensavaksine er like viktig som før. Dessverre tar for få tilsette i helseteneste og personar i risikogrupper vaksine mot influensa, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.
Influensa forårsakar årleg alvorleg sjukdom og dødsfall i sårbare grupper.
– Influensavaksine er det viktigaste tiltaket for å unngå alvorleg sjukdom. Vaksinering av helsepersonell bidrar og til å oppretthalde kapasiteten i helsetenestene ved å redusere sjukefråværet, seier fylkeslegen.
Risikogruppene er:
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
- Premature barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år
- Barn og vaksne med visse kroniske sjukdommar. Sjå FHI sin nettside for informasjon
Beskytte seg sjølv og pasientane
– For helsepersonell er det viktig å beskytte både seg sjølv og pasientane sine. Derfor rår vi alt av helsepersonell med pasientkontakt til å vaksinere seg, seier Müller Mikaelsen.
Blant helsepersonell har vaksinasjonsdekninga for influensavaksine gått ned sidan sesongen 2022/2023.
– For å oppnå høg vaksinasjonsdekning er det viktig at kommunar og helseføretak sørger for at influensavaksine er lett tilgjengeleg på arbeidsplassane når tilsette er på jobb. Arbeidsgivar skal betale for influensavaksinen for helsepersonell. Den er altså gratis for den einskilde helsetilsette, seier fylkeslegen.
Eldre og risikogrupper bør vaksinere seg no
Det er dei eldste og dei yngste pasientane, og pasientar som har ei underliggande sjukdom med auka risiko, som er særleg sårbare for komplikasjonar etter influensasjukdom.
– Derfor bør også barn og vaksne i risikogrupper ta influensavaksinen. For barn i risikogruppa er influensavaksine det tiltaket som førebygger influensa og følgene av sjukdomen best.
Müller Mikaelsen understrekar viktigheita av at fleire vaksinerer seg i perioden oktober til desember, slik at effekten er tilstrekkeleg før hovudsesongen for influensa bryt inn.
– Influensavaksine til helsepersonell har vore gitt gjennom mange år, og er trygg, seier ho.
Fylkeslegen fortel at vaksinasjonsdekninga mot influensa gjekk ned førre sesong, både for risikogruppene og for helsepersonell.
– Det er viktig at fleire vaksinerer seg no, for betre vern mot alvorleg sjukdom.
Alle kan bidra
Ho minner om at det også i år er viktig å halde hendene reine, for å unngå å bli sjuk. Det er også viktig at alle held seg heime når dei er sjuke, så dei ikkje smittar andre.
– Vi ønsker færrast mogleg sjuke, avsluttar ho.