Eli Brit Grøtta Giske får Kongens Fortenestmedalje i sølv

Eli Brit Grøtta Giske og ordfører Kenneth Langvatn står sammen. Han gir henne diplomen. De smiler.
Eli Brit Grøtta Giske tok initiativ til Giske barnekor i 1994. Ho har leia og drive koret i meir enn 30 år. Foto: Ann Christin Giske.

Vi gratulerer Eli Brit Grøtta Giske med Kongens Fortenestmedalje i sølv.

Publisert 05.03.2025
Ordførar Kenneth Langvatn delte ut medaljen og diplom til Eli Brit Grøtta Giske, på vegner av H. M Kongen. Det skjedde 28. februar, under ein høgtideleg seremoni på Giske, der vener og familie samla seg for å overraske prisvinnaren.
 
Eli Brit Grøtta Giske tok initiativ til Giske barnekor i 1994. Ho har leia og drive koret i meir enn 30 år. Hennar eineståande og langvarige innsats har gjort koret til ein viktig møteplass der barn og unge har fått moglegheit til å utvikle seg musikalsk. Dei har også lært gode verdiar.
 
Parallelt med familie, heiltidsjobb og faste aktivitetar, har Grøtta Giske vist dedikasjon og engasjement for lokalsamfunnet. Hennar bidrag har hatt ein varig og positiv innverknad på liva til mange menneske og har gjort Eli Brit Grøtta Giske til eit førebilete for mange i Giske kommune.
 
Vi gratulerer så mykje!

Kontaktpersoner