Tre konferansedagar for barnehage og skole

Barn fra forskjellige land sitter sammen og ser opp - kanskje på en lærer? De smiler og er glade.
Tre konferansedagar med ulike tema: 19. november: Erfaringar med kompetanseordningane, 20. november: Barnehage- og skolemiljø og spesialpedagogikk, 21. november: Regelverk – ny opplæringslov. Du kan delta på ein dag, eller alle. Foto: Sutterstock.

Velkommen til Molde 19.-21. november! Tema er kompetanseordningar, barnehage- og skolemiljø, spesialpedagogikk og ny opplæringslov.

Publisert 02.09.2024

Leiarar og eigarar i skole, barnehage og PPT i både kommunale, private og fylkeskommunale einingar er velkommen!

Det er mogleg å delta ein, to eller tre dagar.

Meld deg på innan 3. november: Konferansedagar for barnehage og skole | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (deltager.no)

Statsforvaltaren dekker konferansedagane og lunsj. Overnatting og middag betaler den enkelte.

Her er hovudtematikk for dagane. Meir detaljert program er under arbeid.

19. november: Erfaringar med kompetanseordningane

Vi samlar samarbeidsforuma (SAFO) i Møre og Romsdal til ein erfaringskonferanse om arbeidet i kompetanseordningane. Vi deler erfaringar både frå scena og rundt borda. Tema som vil få mest merksemd er: Inkluderande læringsmiljø, samarbeid rundt barn som treng ekstra innsats og eleven/barnet si stemme.

20. november: Barnehage- og skolemiljø og spesialpedagogikk  

Denne dagen vil vi sjå nærare på barnehage- og skolemiljø, spesialpedagogisk hjelp og individuelt tilrettelagt opplæring. Å skape eit inkluderande læringsmiljø og «å vere i forkant» vil gå som ein raud tråd gjennom dagen. 

21. november: Regelverk – ny opplæringslov

Innlegga vil særleg handle om plikta til å følgje opp elevar som har fråvær, tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging, skolemiljø, retten til å fullføre vidaregåande opplæring og internkontroll. Nokre av innlegga blir lagt som parallelle økter, slik at de sjølv kan velje kva de ynskjer å delta på.

Velkommen på konferanse!