Styrker kompetansen i barnehagar og skolar

Barnehagar og skolar får støtte til å samarbeide med universitet og høgskole om prosjekt som fremjar barn og unge sin utvikling, læring og trivsel.
I alt blir 35 967 000 kr gitt til kompetanseutvikling i barnehagar, grunnskolar og vidaregåande skolar i Møre og Romsdal i år.
Prosjekta er støtta gjennom kompetanseordninga, som Utdanningsdirektoratet eig, og statsforvaltarane forvaltar. Prosjekta får tilskot. Målet er å sikre likeverdig tilbod for barn og unge i landet.
Skal integrere og støtte
– Det er mange spennande utviklingsarbeid som blir drive gjennom denne tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i barnehage og skole, fortel Mari Otnes, rådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
– Blant anna satsar dei på «Inkluderande læringsmiljø gjennom god klasseleiing» i Rauma kommune. «Korleis fremje god psykisk helse og livsmeistring i barnehagekvardagen?» er eit spennande utviklingsarbeid i Ørsta kommune. Mens «Digitaliseringsnettverk for digitalpedagogar i skolar og barnehagar» er eit av prosjekta dei er i gang med i Nordmørs kommunane, fortel Otnes.
Ho seier at prosjekta som får støtte fokuserer på å skape inkluderande og støttande læringsmiljø for barn og unge.
– Dei dekkjer ulike aspekt av barns utvikling, oppvekst og utdanning, inkludert spesialpedagogiske og sosialpedagogiske behov, med ei heilskapleg og tverrfagleg tilnærming.
Melder inn kompetansebehov
Kompetanseordninga rettar seg mot lærarar, leiarar og andre tilsette i barnehagar og skolar, samt tilsette i PP-tenesta og andre tverrfaglege tenester.
– Barnehage- og skoleeigarar melder inn sine kompetansebehov til sitt regionale samarbeidsforum. Forumet prioriterer tiltaka og lagar ei innstilling for korleis midlane skal fordelast, fortel Otnes.
Samarbeidsforum har ei brei samansetting, kor blant anna private og kommunale eigarar, høgskule, PPT, Statsforvaltaren og tillitsvalte er representert.
I Møre og Romsdal er det fem regionale samarbeidsforum som jobbar aktivt for å auke kompetansen og kvaliteten i barnehagar, grunnskolar og vidaregåande skolar i fylket.
Avgjerande partnarskap med akademia
Tiltaka som får støtte er basert på lokale behov. Skole- og barnehageeigarar planlegg, gjennomfører og evaluerer prosjekta i samarbeid med universitet eller høgskole.
– Partnarskapet med akademia er ein viktig suksessfaktor i arbeidet, som også bidreg til å styrke lærarutdanningane, seier seniorrådgivar Elin Braa Rangnes hos Statsforvaltaren.
Endringar i ordninga i år
I februar leverte samarbeidsforuma sine innstillingar og prioriteringar for det vidare arbeidet i skoleåret 2025–2026.
– Det vil bli ei rekkje endringar i desse tilskotsordningane i år. Intensjonen er eit meir heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling, fortel Braa Rangnes.
Arbeidet med ny innretning er i gang, og nye retningslinjer frå Utdanningsdirektoratet er venta ute på offentleg høyring i løpet av våren.
– Vi oppmodar samarbeidsforuma i Møre og Romsdal til å ta del i høyringane. Både for å medverke til den nasjonale innretninga og for å sørgje for at vi kan møte den nye ordninga best mogleg i det lokale arbeidet framover, seier Braa Rangnes.
For meir informasjon om tilskotsordninga, besøk Utdanningsdirektoratet sine nettsider:
Kompetanseutvikling i barnehage, skole og fag- og yrkesopplæring | udir.no
Helhetlig system for kompetanse- og karriereutvikling | udir.no