Redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga på grunn av låg inntekt
Statsforvaltaren har fått spørsmål frå ein kommune om ei problemstilling rundt §§ 2-2 og 2-4 i opplæringsforskrifta.
Skal kommunen rekne ut grunnlaget for redusert foreldrebetaling før ein har trekt frå gratis kjernetid på 12 timer eller etter ein har trekk frå? Er grunnlaget brutto sats eller netto sats?
Eit rekneeksempel: Eit fulltidstilbod kostar i utgangspunktet kr. 3.315,- per månad (brutto sats). Når kommunen trekker ut 12 timer gratis kjernetid kostar eit fulltidstilbod kr. 1.509,- per månad (netto sats).
Vi har bede Utdanningsdirektoratet om ei avklaring på dette. Utdanningsdirektoratet har svart oss at det er brutto sats, altså kostnad før ein trekker frå 12 timars gratis kjernetid, som skal ligge til grunn for utrekning av grunnlaget for redusert foreldrebetaling.
Denne utrekningsrekkjefølgja sørgjer for at låginntektshushald får fordelane frå begge ordningar, og sikrar at familiar med låg inntekt framleis kan kvalifisere til redusert betaling.
Vi viser også til Moderasjonsordninger i skolefritidsordningen (SFO) på nettsidene til Utdanningsdirektoratet (sjå lenke i høgre marg).
Vi ber om at kommunane merker seg dette.