Oppgåver og anbefalt litteratur

Her finn du oppgåver og anbefalt litteratur knytta til modul 5: Globalt medborgarskap i opplæringa. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.08.2021

Oppgåver

Ta utgangspunkt i læreplan eller ei lærebok i eit undervisningsfag:

  • Finn du referansar til «globalt medborgarskap», «kosmopolitisme», «verdsborgar» eller liknande omgrep i kompetansemåla?
  • Korleis vert kulturar og forholdet mellom ulike kulturar framstilt (interkultur)?
  • Finn du førestillingar om «oss» i Noreg og «dei andre» utanfor Noreg?
  • Kva for samanhengar vert skildra mellom lokale handlingsval og globale konsekvensar?
  • Kva for kompetansar vert framheva som sentrale i utvikling av globalt medborgarskap i fagfornyinga?

Anbefalt litteratur

Anbefalt litteratur er følgande akademiske tekstar som er fritt tilgjengeleg:

Strand, T. (2015). Kosmopolitisme og realisme. Studier i Pædagogisk Filosofi, 4(2), 1-5. Tilgjengeleg frå:  https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/50170/2016.%2bKosmopolitisme%2bog%2brealisme.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Ødegård, G. & Svagård, V. (2018). Hva motiverer elever til å bli aktive medborgere? Tidsskrift   for ungdomsforskning, 18(1), 28-50. Tilgjengeleg frå: https://journals.oslomet.no/index.php/ungdomsforskning/article/view/2995  

 

I tillegg er desse populærfaglege artiklane anbefalt:

Bjerkaas, M. (2019). Skolen stenger døra til verden. Utdanningsnytt. Tilgjengeleg frå: https://www.utdanningsnytt.no/fagfornyelse-klima-laereplaner/skolen-stenger-dora-til-verden/174301                    

Ulvestad, R. (2019). Fagovergrep og temaene som forsvant. Utdanningsnytt. Tilgjengeleg frå: https://www.utdanningsnytt.no/fagfornyelse-klima-laereplaner/skolen-stenger-dora-til-verden/174301