Nytt skoleår og ny opplæringslov

Liten jente med bok på hodet, smiler
Både tilsette i skolen og elevar møter ei ny opplæringslov no i august. Foto: ScanStockphoto.

Her finn du som er skoleleiarar, lærar eller tilsett i grunn- og vidaregåande opplæring webinar og informasjon i møte med ny opplæringslov. 

Publisert 14.08.2024

Skolemiljøet til elevane i ny opplæringslov - kapittel 12

Regelverket som er knytt til elevane sin rett til eit trygt og godt skolemiljø, vert vidareført med nokre få endringar i ny opplæringslov.

Kva som er endra og kva som blir vidareført får de kjennskap til i webinaret:

På udir.no er rundskrivet om skolemiljø endra:

Endringane av spesialundervisning - kapittel 11

Omgrepet «spesialundervisning» er endra i den nye opplæringslova. I dette webinaret får du kjennskap til dei viktigaste endringane på området:

Utdanningsdirektoratet har oppdatert «Veilederen Spesialundervisning»:

Endringar på udir.no etter ny opplæringslov

Utdanningsdirektoratet har laga ei side der du kan du lese kva for endringar du kan finne på udir.no som følgje av ny lov og nye forskrifter.

Dei har også laga ei ny side som informerer om mykje av det som er nytt i vidaregåande opplæring.

De finn også ei side der rettleiingar og rundskriv er samla. Her finn de informasjon om kva regelverket seier om fråværsgrensa og plikta til å følgje opp fråvær. 

Regelverkssamling og fagsamling

Statsforvaltaren planlegg to samlingar i haust. Set av datoane. Meir om innhald og påmelding kjem.

Målgruppe er kommunane, fylkeskommunen, private skolar, PPT, skolefagleg ansvarlege på kommunenivå, skoleeigarar og skoleleiarar m.fl.  

  • 31. oktober - 1. november regelverkssamling om ny opplæringslov - lunsj til lunsj.
  • 20. november – fagsamling med hovudfokus på barnehage- og skolemiljø og individuell tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelp.

Vi ønskjer lukke til med oppstarten av nytt skoleår!