Nominasjon til Dronning Sonjas skolepris 2025

Portrett av H.M. Dronning Sonja og H.K.H. Kronprins Haakon
Etter planen skal prisen delast ut av H.K.H. Kronprins Haakon på vinnarskolen i november 2025. Foto: Jørgen Gomnæs og Dusan Reljin / Det kongelege hoff.

Vi oppfordrar skoleeigarar til å føreslå kandidatar blant grunnskolar og vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Fristen er 1. juni 2025.

Publisert 26.03.2025

Dronning Sonjas skolepris blir annakvart år delt ut til ein skole som utmerker seg ved å praktisere likeverd og inkludering på ein fullverdig måte.

Skolar som arbeider godt og systematisk med dette kan søkje på prisen, sjølv om arbeidet framleis går føre seg. Det er mogleg å renominere kandidatar frå tidlegare år.

Les meir hos udir.no

Utdanningsdirektoratet har laga eit skjema som skolane skal bruke når dei skildrar korleis dei arbeider med likeverd og inkludering. Du finn skjemaet, filmar og meir informasjon om prisen på Udir si nettside: Dronning Sonjas skolepris | udir.no

Skolane sine søknader går til Utdanningsdirektoratet som vidaresender desse fortløpande til den aktuelle statsforvaltaren, som vurderer søknadene.

Prisen

Vinnarskolen mottar 250.000 kroner og eit kunstverk utforma av Dronninga. Etter planen skal prisen delast ut av H.K.H. Kronprins Haakon på vinnarskolen i november 2025.

Frist for innsending av søknad er 1. juni 2025.