Kompetansepakke om trygt og godt skolemiljø

Utdanningsdirektoratet har utvikla kompetansepakkar som gir fagleg påfyll og støtte til å utvikle praksis i skolar og barnehagar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.12.2021

Ein kompetansepakke består av modular, og er ofte bygd opp slik:

  • Introduksjonsmodul: Beskriv tema for kompetansepakken, og korleis dei ulike fagmodulane er bygd opp.
  • Fagmodular: Presenterer relevant fagstoff gjennom til dømes tekst eller film, oppgåver de skal løyse og nokre gonger også forslag til arbeidsprosessar. Det varierer kor mange fagmodular kvar kompetansepakke inneheld.
  • Avslutningsmodul: Oppsummering og vegen vidare.

Kompetansepakkane er opne for alle. Det er ingen avgrensingar på talet på deltakarar i ein kompetansepakke.

Dei overordna måla for kompetansepakken om trygt og godt skolemiljø er:

  1. Utvikle ei felles forståing av kva som kjenneteiknar eit trygt og godt skolemiljø.
  2. Få kjennskap til regelverkets føringar for arbeidet med skolemiljø.
  3. Styrke kompetansen til å utvikle og oppretthalde eit trygt og godt skolemiljø gjennom ein reflektert praksis.

I kvar modul finn de ei fast oppbygging, S K O L E

  • S står for å sjå. De skal sjå og høyre noko som vonleg kjem nært på dykk og set i gang tankar kring eigen praksis.
  • K står for kompetanse. Kompetanse handlar om kunnskap, teori og forskning, men det handlar også om erfaring og ferdigheiter. Tolkingar og situasjonsforståing vert prega av verdiar og haldningar, og rammefaktorar og kontekst.
  • O handlar om å omgjere til praksis, korleis de kan bruke faginnhaldet i eige arbeid. De vil bli utfordra til å legge merke til trekk ved eigen og andre sin praksis, og til å utvikle kollektiv læring i skolens profesjonsfellesskap.
  • L står for lær meir. Her vil de få høve til å dykke djupare inn i fagstoffet.
  • E står for evaluere. Her skal de evaluere eigen praksis i lys av ny kompetanse som de har tileigna dykk i denne modulen. Det viktigaste arbeidet startar etter at de har gjennomført modulen, saman med elevane.

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/kompetansepakke-om-trygt-og-godt-skolemiljo/

 

Det er også utvikla kompetansepakkar for trygt og godt miljø:
i SFO: https://www.udir.no/utdanningslopet/sfo/stottemateriell-til-rammeplanen-for-sfo/kompetansepakke-om-trygt-og-godt-miljo-i-sfo/

og barnehage: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/barnehagemiljo/

Kontaktpersoner