Fleire vert mobba i skolen – også i Møre og Romsdal
– Det er ei markant auke i elevar i grunnskolen som er blitt mobba den siste tida. Auken gjeld både mobbing frå andre elevar, frå vaksne på skolen og digital mobbing, fortel underdirektør Maren Ørjasæter hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får seie meininga si om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er obligatorisk å gjennomføre undersøkinga på 7. og 10. trinn i grunnskolen. Skolane kan i tillegg gjennomføre undersøkinga på fleire trinn.
Årets undersøking viser ei markant auke i mobbing og også nedgang i motivasjon i skolen.
Mobbetala bekymrar
Ørjasæter seier at tala frå fylket, i likskap med tala frå resten av landet, er til stor bekymring.
– Det å kjenne seg trygg på skolen er ein grunnleggande føresetnad for å kunne lære. Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Skolane er forplikta til å jobbe kontinuerleg for eit inkluderande læringsfellesskap som er bygd på trygge relasjonar, seier ho.
Hovudansvaret i arbeidet med skolemiljø ligg hos skolane sjølv, men foreldre, samarbeidande instansar og nasjonale myndigheiter er også viktige bidragsytarar.
Ørjasæter seier at fleire skolar i fylket arbeider godt og førebyggande med skolemiljø, og understrekar kor viktig dette er.
Utdanningsdirektoratet tar tak
Utdanningsdirektoratet ser auken i skolemiljøsakene og anbefaler Kunnskapsdepartementet å:
- gi tydelegare nasjonale råd om arbeidet med barnehage- og skolemiljø
- prøve ut lokale eller regionale ressursteam for å arbeide med trygt og godt barnehage- og skolemiljø
- gi statsforvaltarane ei tydelegare rolle i å støtte og rettleie barnehagar, skular og kommunar
- gjere betre kjent og vidareutvikle nasjonale støtteressursar for å styrke barnehage- og skolemiljø
Utdanningsdirektoratet anbefaler å gi statsforvaltarane ei tydelegare rolle i arbeidet for eit trygt og godt skolemiljø, både knytt til lokal kompetanseutvikling og til auka leiarstøtte.
Moglegheit til å kome tidleg inn
– Eit slikt tiltak gir statsforvaltarane moglegheit til å kome tidleg inn, slik at saker kan bli løyst på lågast mogleg nivå, seier Ørjasæter.
Ho fortel at Utdanningsdirektoratet prioriterer arbeidet med barnehage- og skolemiljø i sin dialog med statsforvaltaren.
– Direktoratet er opptatt av at vi arbeider for og ser til at kommunane følgjer regelverket og at dei utviklar sin kompetanse på området, seier Ørjasæter.
Meir forsking og fleire rapportar
Utdanningsdirektoratet skriv på sine nettsider udir.no at det i løpet av 2024 og 2025 vil kome fleire rapportar som vil gi meir informasjon om kva som er viktig for elevane sin trivsel og motivasjon i skolen. Desse vil også seie noko om kva som er moglege årsaker til den negative utviklinga. Forskarar skal også sjå på korleis skolane jobbar med skolemiljøet, og kva som kan bidra til å skape eit inkluderande, trygt og godt miljø der elevane trivst.
Resultata frå elevundersøkinga i vidaregåande skole vert tilgjengeleg hos Utdanningsdirektoratet, udir.no, frå 29. januar.
Oversikt over statistikken
7. trinn Møre og Romsdal:
12 prosent svarer at dei er blitt mobba på skolen dei siste månadene. Landssnittet er på 12,8 prosent. Auke frå 9,3 prosent førre skoleår i Møre og Romsdal.
10. trinn Møre og Romsdal:
11,4 prosent svarer at dei er blitt mobba på skolen dei siste månadene. Landssnittet er på 10,9 prosent. Auke frå 5,5 prosent førre skoleår i Møre og Romsdal.
Mobba av vaksne på skolen i Møre og Romsdal:
5,9 prosent på 10. trinn svarar at dei er blitt mobba dei siste månadene. Landsnittet er på 4,9 prosent. Auke frå 2,3 prosent førre skoleår i Møre og Romsdal.
Digital mobbing i Møre og Romsdal:
4,5 prosent på 10. trinn svarar at dei har blitt mobba dei siste månadane. Her ligg vi på landsgjennomsnittet.
Sjå alle tala: Elevundersøkelsen (udir.no)