Ei opplæringslov for vår tid

Bilde av jente på skolen, og portrett av de to forfatterne.
I den nye lova er rettane til elevane utvida. Dei får no rett til vidaregåande opplæring til dei faktisk har fullført skulen og oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Foto: ScanstockPhoto, Anita Grønland og Erik Birkeland.

Når barn og ungdom kjem tilbake til skulen i august, er det ei ny og oppdatert lov som gjeld. Den nye opplæringslova er tilpassa vår tid.

Publisert 01.08.2024

kronikken er skrive av underdirektør Maren Ørjasæter og statsforvaltar Else-May Botten.

I nyheitsbildet les vi om ulike utfordringar barn og ungdom har på skulen. Vi les mellom anna om aukande mobbetal, om svakare læringsutbytte, om ufrivillig fråvær og om ungdom som droppar ut.

Første august får vi ei ny, meir presis og brukarvennleg lov med eit modernisert og oppdatert språk. Den nye lova skal vere meir tilgjengeleg, meir forståeleg og meir tilpassa dagens samfunn og utfordringane vi har i den norske opplæringssektoren.

Fleire skal fullføre skulen

I Møre og Romsdal kan vi i år gle oss over ein rekordhøg prosent som har fullført vidaregåande opplæring.

I den nye lova er rettane til elevane utvida.  Dei får no rett til vidaregåande opplæring til dei faktisk har fullført skulen og oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.  Elevane får også rett til å byte utdanningsprogram om dei ombestemmer seg, og dei kan ta fleire fagbrev.

Dette er ei endring frå dagens rett til tre år med vidaregåande opplæring, og gir elevane auka fleksibilitet.

Meir fleksibilitet i fag- og timefordelinga

Også kommunane får meir fleksibilitet gjennom ny lov. Til dømes kan dei i grunnskulen flytte inntil ti prosent av timane i fag. Timane kan flyttast til andre fag eller dei kan brukast til for eksempel tverrfaglege aktivitetar, om ein ønskjer det.

Meir fleksibilitet i opplæringa for vaksne

Det er fastsett ei rekke nye reglar om førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.  Den nye lova gir meir fleksibilitet og heilskapleg opplæring for vaksne, og opplæringa skal bygge på kompetansen som den vaksne allereie har. Modulstrukturert opplæring, som er ein måte å organisere opplæringa fram mot eit fagbrev på, vil vere meir tilpassa vaksne sitt behov, utgangspunkt og livssituasjon.

Fjernundervisning

Hovudregelen er at opplæring skal gjennomførast fysisk på skulen. I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å gi elevane fjernundervisning, og den nye lova regulerer dette.  Fjernundervisning skal òg i utgangspunktet gjennomførast på skulen, slik at elevane får tett oppfølging og eit godt fysisk og psykososialt skulemiljø.  Det er i særlege tilfelle at ein elev kan få fjernundervisning andre stadar. Fjernundervisning vil kunne gi elevane eit fagtilbod og tilpassingar dei elles ikkje ville ha fått, til dømes morsmålsopplæring.

Fråvær skal følgjast opp

Kommunen og fylkeskommunen har ei plikt til å sørge for at elevar med fråvær blir følgde opp både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.  Den nye lova gjer det tydelegare at det må arbeidast for meir nærvær i skulen og for å førebygge at elevar utviklar urovekkande eller høgt fråvær.

Medverknad og skuledemokrati

I ny opplæringslov er barnets beste tatt inn som ein eigen paragraf.  Det beste for elevane, skal vere eit grunnleggande omsyn ved alle handlingar og avgjerder som gjeld dei.

Elevane har rett til å medverke i alt som gjeld dei sjølve, og dei har rett til å ytre meiningane sine fritt. Elevane skal, utifrå deira alder og modning, bli høyrde og deira meining skal bli lagt vekt på.  

Retten til eit skuledemokrati for elevar og foreldre er òg tatt inn i lova. Det inneber at dei skal involverast når skuleverksemda vert planlagt, gjennomført og vurdert. Elevane og foreldra skal blant anna medverke i arbeidet med skulemiljø og i kvalitetsutvikling av opplæringa, samt vere med på å fastsette skulereglar.

Fellesskulen – for alle

Skulen har eit stort og viktig samfunnsoppdrag.   Opplæringslova er det sentrale rettslege rammeverket for at skulen skal lykkast med det viktige samfunnsoppdraget sitt.

Fellesskulen er ein del av grunnmuren i den norske velferdsstaten, og legg til rette for at alle barn i Norge skal ha like høve til utdanning – uavhengig av kvar ein bur, sosial bakgrunn, kulturell og etnisk bakgrunn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønn. 

God ferie!

No ønsker vi alle elevar ein riktig god ferie, og vel møtt tilbake på skulen i august. Då er den nye opplæringslova den ramma som skal sikre alle elevar opplæring av høg kvalitet, rett til medverknad og eit trygt og godt læringsmiljø.