Rettleiing- klagebehandling ved klage på fastsett standpunktkarakter i orden og åtferd

Alle elevar, og føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage på standpunktkarakter i orden og åtferd.

Publisert 10.02.2025

Alle elevar, og føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage på standpunktkarakter i orden og åtferd, jf. opplæringsforskrifta § 10-6  og privatskoleforskrifta § 7-6, dersom dei meiner at gjeldande reglar for fastsetting av standpunktkarakter, jf. opplæringsforskrifta § 9-17 og privatskoleforskrifta § 6-17, ikkje er følgt. Skolen må gi elevar og føresette informasjon om klageretten. 
Les: Informasjon til elev og føresette om klage på fastsett standpunktkarakter | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Kva må skolen gjere når dei har mottatt klagen?

Skolen må først vurdere om klagen skal takast til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Merk at elevar under 15 år ikkje har sjølvråderett, dvs. at føresette må skrive under på klagen. Dersom klagen blir avvist, skal skolen fatte vedtak om det. Det er klageåtgang på eit avvisingsvedtak.

Dersom skolen er samd i klagen og etter ny vurdering sett opp karakteren, må skolen fatte nytt vedtak. Vedtaket skal vere grunngjeve og eleven får ny rett til å klage. Saker som avvisast eller saker skolen er samd i, skal ikkje sendast til Statsforvaltaren. Hva er nytt i reglene om klage på sluttvurdering? | udir.no.

Skolen må oversende saken til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for eleven.

Kva må skolen sende til statsforvaltaren?

Sjå Vurdering av orden og oppførsel | udir.no og merknadane til § 10-6 Klage på standpunktkarakter i orden og i oppførsel | udir.no og § 7-6 Klage på standpunktkarakter i orden og i oppførsel | udir.no for ytterlegare rettleiing til punkta under. 

  1. Klagen
  2. En uttale frå kontaktlærar og rektor som viser ei forklaring for kvifor eleven ikkje har fått karakteren God, det vil si ei utgreiing av elevens orden eller åtferd opp mot skolereglane. Det må komme fram kva tiltak skolen har satt i verk for å rette på eleven sin orden eller åtferd og skolen må vise korleis den har tatt omsyn til eleven sine føresetnadar og kva for vekt dette har fått.
  3. Ei utgreiing for at saksbehandlingsreglane er følgt. Skolen må vise til rektor sitt drøftingsmøte med lærarane. I tillegg må det gå fram at eleven er varsla og det må visast til kva karakterar eleven tidlegare har fått.
  4. Kopi av skolereglane
  5. Kopi av varselet, jf. opplæringsforskrifta 9-7 og privatskoleforskrifta § 6-7
  6. annan relevant informasjon

Sakspapira sendast til Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema.  

  • Skolen skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.
  • Det er svært viktig at skolen gir rett informasjon og adresse til klager i oversendinga til Statsforvaltaren. 

Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?

Statsforvaltaren skal vurdere om skolen har følgt reglane i opplæringsforskrifta §§ 9-17 og  9-7 eller privatskoleforskrifta §§ 6-17 og 6-8 ved fastsetting av standpunktkarakteren i orden og åtferd. Resultatet frå klagebehandlinga kan vere at Statsforvaltaren enten stadfestar skolen sitt vedtak, altså at karakteren blir ståande, eller fastsett ny karakter.  

Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom klagefristen ikkje er overhalden eller reglane i forvaltningslova ikkje er oppfylt.