Informasjon til elev og føresette om klage på fastsett standpunktkarakter
Nedanfor finn du informasjon om korleis du kan klage på fastsette standpunktkarakterar.
Publisert 10.02.2025
Kva kan du klage på?
- Du kan klage på korleis standpunktkarakteren i fag og i orden og oppførsel er fastsett. Klageretten gjeld også dersom du ikkje får talkarakter til standpunkt, altså IV. Merk at du ikkje kan klage på undervegsvurderinga.
- Vi rådar deg til å ta kontakt med skolen og be om å få ei grunngjeving for karakteren før du bestemmer deg for å klage.
Kven kan klage?
- Du som er elev, eller føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage.
- Er du under 15 år må føresette vere samd i at du skal klage.
Frist for å klage
- Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet du eller dine føresette er gjort kjent med karakteren, eller burde gjort dykk kjent med den.
- Ein ny frist på 10 dagar gjeld frå det tidspunktet du evt. føresette har kravd og fått ein skriftleg grunngjeving for standpunktkarakteren din.
- Om hurtigklagefrist
Slik klagar du
- Skriv kva du meiner er feil i fastsettinga av standpunktkarakteren og kvifor
- Skriv under på klagen. Er du under 15 år, må også føresette skrive under.
- Send klagen til rektor ved skolen du går på.
Kva skjer når du klager?
Skolen vurderer først om dei er samd i klagen din. Dersom skolen bestemmer seg for å sette opp karakteren din, eller bestemmer at du skal få talkarakter i staden for IV, får du ei grunngjeving for det. Du får ny klagemoglegheit på den nye karakteren.
Dersom skolen ikkje er samd i klagen din, sender dei saka til Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren kan avvise klagen, stadfeste (oppretthalde) karakteren eller oppheve den. Statsforvaltaren vurderer berre om skolen har følgt reglane for fastsetting av standpunktkarakter.
- Dersom Statsforvaltaren opphevar karakteren i fag, blir saka sendt tilbake til skolen for ny vurdering. Skolen fastsett endeleg karakter. Karakteren kan bli ståande, bli justert opp eller ned.
- Dersom Statsforvaltaren opphevar vedtak om IV, skjer det same. Saken blir sendt tilbake til skolen for ny vurdering. Følgande reglar gjeld:
- Dersom klageinstansen opphevar vedtak om IV, fordi det ikkje er varsla i tråd med regelverket, skal skolen sette karakter.
- Dersom skolen fastsett ein karakter i den nye behandlinga, utløyser dette fornya klageåtgang. Det same gjeld dersom nytt vedtak om IV fattast på eit anna grunnlag enn det opphavelege vedtaket.
- Ved klage på karakter i orden og åtferd er det Statsforvaltaren som fastsett endeleg karakter.
Lenker til opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta for meir informasjon.
Opplæringsforskrifta:
- 10-4 Klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag | udir.no
- 10-5 Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag | udir.no,
- 10-6 Klage på standpunktkarakter i orden og i oppførsel | udir.no
Privatskoleforskrifta:
Kontaktpersoner
