Standpunktkarakterar – nasjonale, rettleiande kjenneteikn på måloppnåing

Standpunktkarakterar

Ein standpunktkarakter skal uttrykke den kompetansen eleven har ved avsluttinga av opplæringa.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.04.2014

Dei nasjonale, rettleiande kjenneteikna på måloppnåing som er utarbeidd til læreplan i samfunnsfag, matematikk, naturfag, engelsk og norsk er meint som hjelp til standpunktvurderinga etter 10. trinn. Desse ligg i høgre marg og kan lastast ned.

Kjenneteikn på måloppnåing er beskrivingar av kvaliteten på kompetanse i fag, og tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanane. Kjenneteikna er utforma på tvers av hovudområda i faga for å uttrykke kompetanse i faget som heilskap. Kjenneteikna på måloppnåing er utforma slik at dei skal gi høve til lokal konkretisering og tilpassing. Samarbeid mellom lærarar om kompetansemål og kjennetegn kan bidra til ei felles forståing og eit felles språk om kva elevane skal lære, og kva som kjenneteiknar ulik grad av måloppnåing.