Avsluttande karakterar i grunnskulen i Møre og Romsdal 2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansvar for sensur ved sentralt gitt eksamen i grunnskulen. Vi har også klagehandsaming på standpunktkarakterar. Førebels karakterstatistikk for eksamen og resultat av klage på standpunktkarakterar 2017 er no klar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.07.2017

 

Klage på standpunktkarakterar i grunnskulen 2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2017 fått inn 39 klager på standpunktkarakterar frå elevar i Møre og Romsdal. Dei 39 klagene på standpunktkarakter i 2017 fordelte seg på 16 fag.

Det kom klager frå 17 skular, fordelt på 11 kommunar. Omlag 62 % av klagene er på karakterane 3 og 4, medan 26 % av klagene er på karakteren 5. Tilsaman 13 % av klagene var på karakteren 2.

I 2017 er 54 % av klagene på standpunktkarakter ikkje tatt til følgje.

 

Skriftleg eksamen for grunnskulen i Møre og Romsdal våren 2017

Til eksamen i grunnskulen våren 2017 blei det vurdert og sett karakter på om lag av 4500 elevsvar frå Møre og Romsdal.

Eksamen - Fag

Snittkarakter
   Møre og Romsdal

Snittkarakter
   nasjonalt

Engelsk 10. årstrinn, skriftleg

3,7

3,8

Matematikk 10. årstrinn

3,4

3,4

Norsk hovedmål 10. årstrinn, skriftleg

3,5

3,5

Norsk sidemål 10. årstrinn, skriftleg

3,3

3,3